NTB pd2y S Dg Uec 1
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) avviser spekulasjonar om at fleire endringar i straumstøtta er på trappene. Foto: Beate Oma Dahle / NTB/ NPK
Nytt

Aasland: Ingen fleire endringar i straumstøtta med det første

Trass rykte og spekulasjonar: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) avviser at endringar i straumstøtteordninga er på trappene.

NPK-NTB-Bibiana Piene; – Vi ønskjer å ha ei straumstøtteordning som er relevant. Og det har vi no, seier Aasland til NTB.

I både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har det lenge ulma når det gjeld straumprisane. I det siste har det vore spekulert i om regjeringa vil komme med nye grep i forkant av fylkesårsmøta og landsmøta i partia for å demme opp for kritikken.

No legg Aasland spekulasjonane døde.

– Det er ikkje nokon nye endringar på trappene, slår han fast.

– Ingen endringar vedtekne

Onsdag vart det klart at folk som bur fast i ein fritidsbustad, frå no av skal få straumstøtte.

Ifølgje fleire medium har regjeringa også hatt ulike planar på bordet for å gjere straumstøtta meir treffsikker, mellom anna å endre berekningsgrunnlaget frå eit gjennomsnittleg månadspris til spotprisen per time.

Men skal ein tru Aasland, er dette altså ikkje aktuelt med det første.

Aasland meiner systemet vi har i dag er bra fordi det motiverer folk til å kutte energibruken når straumen er dyr.

– Det som er viktig i eit kraftsystem som vårt, er at vi har evna til å flytte noko av forbruket til lågpristidspunkt, slik at vi ikkje får overbelastning i nettet. Den fleksibiliteten er det ønskjeleg å halde oppe, meiner statsråden.

Absurd

Når straumstøtta blir rekna ut frå eit månadssnitt, kan spotprisen i periodar bli lågare enn straumstøtta. Det var tilfelle i Sør-Noreg i romjula, då ein faktisk tente pengar på å fylle badekaret.

Eit absurd utslag, meiner fleire NTB har snakka med på Stortinget.

– Det er ei ulempe, samtykkjer Aasland.

– Men det er ein risiko knytt til dette, for ein forskoterer jo kva straumstøtta faktisk blir.

Stortinget har også fleire gonger bede regjeringa vurdere å ta nærvarmeanlegg og private straumnett, såkalla grendenett, inn i ordninga.

Men det er fleire problem knytt til dette, påpeikar Aasland.

– Nærvarmeanlegg er vanskeleg å innlemme. Viss det skal skje, må det vere meir søknadsbasert. Grendenett er også problematisk. Der har vi ikkje god nok kontroll på dei som er innanfor desse netta.

Subsidierte får støtte

Ein del kraftkommunar gir no innbyggjarane sine straum til lågare pris. I tillegg har ein del hushald gunstige fastprisavtalar. Desse gruppene får likevel like mykje i straumstøtte som alle andre.

– Kan det bli aktuelt å ta desse ut av ordninga?

– Førebels er vurderinga at det vil bety mykje administrativt arbeid. Det finst ikkje nokon enkel måte å gjere dette på, det er noko av utfordringa. Vi er opptekne av å ha ei så ubyråkratisk ordning som mogleg, svarer Aasland.

Han trekkjer også fram at situasjonen har endra seg gjennom vinteren.

– Prisane har gått noko ned, og vi har analyseselskap som seier at prisane vil bli veldig låge til sommaren. Men vi vurderer systemet kontinuerleg og om det er aktuelt å gjere justeringar eller forbetringar av ordninga.

Prissmitte

Når det gjeld prissmitte frå utlandet, finst det heller ingen enkle løysingar, påpeikar Aasland.

Dette er blant tinga straumprisutvalet som skal setjast ned i februar, skal sjå nærare på.

– Men det vi veit, er at eksportrestriksjonar eller prismekanismar som skal hindre eksport, er i strid med EØS-avtalen, påpeikar olje- og energiministeren.

Samtidig har regjeringa snart landa den nye omtalte sikringsmekanismen som skal bremse straumeksporten når nivået i vassmagasina blir faretruande låg.

Ifølgje Aasland vil det samtidig bety at eit auka straumforbruk i Noreg, til dømes ved nye industrisatsingar, kan føre til at sikringsmekanismen slår inn fortare.

Publisert: 20.01.2023 07:52

Sist oppdatert: 20.01.2023 07:56