Abb illustrasjon framdriftssystem abb 11
ELEKTRISK FRAMDRIFT: Auka etterspurnad etter elektriske framdriftssystem ligg bak satsinga til ABB i Ulsteinvik. Illustrasjon: ABB
Nytt

ABB opnar ny fabrikk i Ulsteinvik

Utvidar verksemda og flytter inn i nytt bygg.

Marius Rosbach
26.04.2023

ABB opnar snart nye produksjonsfasilitetar i Ulsteinvik som følgje av at dei satsar meir mot marknaden for militære skip.

Onsdag 10. mai inviterer dei til offisiell opning av den nye fabrikken der dei skal produsere og vidareutvikle frekvensomformarar for marknaden for kystvakt- og marineskip.

Kring 90 tilsette i dag
ABB har vore i Ulsteinvik i meir enn 20 år, og dei tilsette her jobbar i hovudsak med ulike delar av den maritime marknaden.

Konsernet har i dag kring 90 tilsette i Ulsteinvik ved ulike avdelingar, og etter det NETT NO forstår, vil den nye fabrikken føre til ei auke i bemanninga.

Under opninga vil det mellom anna bli omvising i lokala og underhaldning frå bandet Sytalaust.

Auka etterspurnad
ABB held til i eitt bygg ved Borgstein i utkanten av Ulsteinvik sentrum, og den nye fabrikken ligg i eit anna bygg like ved.

Bakgrunnen for satsinga i Ulsteinvik, er at marknaden for elektriske framdriftsløysingar er blitt meir etterspurt dei siste åra.

Publisert: 26.04.2023 12:51

Sist oppdatert: 26.04.2023 12:51

Mer om