Maritime Partner katamaran Moskenes shipping illustrasjon maritime partner 11
KATAMARAN: ABB leverer framdriftsløysinga til den elektriske turistbåten Maritime Partner bygger for Moskenes Shipping. Illustrasjon: Maritime Partner
Nytt

Fann framdriftsløysing i lokalmiljøet

ABB-avdelinga i Ulsteinvik med oppdrag utanom det vanlege for Ålesund-firma.

Marius Rosbach
21.12.2022

ABB skal levere framdriftssystem til ein heilelektrisk katamaran som Maritime Partner i Ålesund har under bygging. Arbeidet med å lage styringssystemet og andre delar av løysingane til leveransen, blir gjort ved ABB-avdelinga i Ulsteinvik.

- Dette er utstyr som vil tilbyr til mindre fartøy og som vi lagar her på huset, fortel Håvard Masdal hos ABB i Ulsteinvik til NETT NO.

Dei har retta seg mest mot marknaden med service og arbeidsbåtar til havbruksnæringa, men denne gongen dreiar oppdraget seg om ein passasjerbåt bestilt av Moskenes Shipping.

- Det som også er spesielt, er at den skal gå heilelektrisk, seier Masdal.

Stabilt med tilsette og oppdrag
Masdal synest det er ekstra kjekt at ei lokal bedrift er med som leverandør til Maritime Partner sin første heilelektriske katamaran.

ABB har til saman kring 90 tilsette i Ulsteinvik ved ulike avdelingar, som i hovudsak jobbar med ulike delar av den maritime marknaden.

- Vi er ein god gjeng og mange har vore her ei stund. No har vi ei periode med ganske stabilt med tilsette og arbeidsmengde, legg han til.

Skal segle rundtur i 12 knop
Løysinga frå ABB til Maritime Partner-båten inkluderer to elektriske AMXE200S-motorar. Dei skal forsynast med kraft frå land som vert lagra i 525 kilowattimar med batteri, som vert montert om bord.

Det gjer at den nær 20 meter lange båten skal kunne gå med ei marsjfart på 12 knop den timeslange ruta ved Reine i Lofoten.

- Dette blir ein mellomting mellom ein lokal skyssbåt og vanleg hurtigbåt, og det er ein del slike ruter rundt om, som kan vere aktuelle for tilsvarande løysingar, seier Masdal.

Kutter store utslepp
Samanlikna med dagens bruk av dieselmotorar på strekninga, vil den nye katamaranen årleg sleppe ut 177 tonn mindre klimagassar og spare kring 56.000 liter drivstoff, ifølgje ei pressemelding om oppdraget frå ABB.

Sjølv om mykje av den maritime verksemda til ABB dreiar seg om utstyr og leveransar til langt større skip, har dei også tidlegare levert til mindre passasjerbåtar.

Den første elektriske turistbåten med ABB-teknologi vart selt til amerikanske Maid of the Mist, som har båtar i trafikk ved dei berømte Niagarafalla.

Publisert: 21.12.2022 12:40

Sist oppdatert: 21.12.2022 15:53

Mer om