- Svært mange studentar og slekt frå andre stader i landet, planlegg no å kome heim til Sunnmøre i jula. Men det er særs viktig at ein no tek ekstra omsyn til smittereglane, seier kommuneoverlege Olav Mestad i ei pressemelding.
Han og dei andre kommuneoverlegane på Sunnmøre gir fem råd til dei som har tenkt seg heim i jula:
1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
2. Pass på godt smittevern når du reiser.
3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svara på ein test, har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.
5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!
-Det er spesiell viktig at ein unngår å utsette dei eldre og dei som er i risikogruppa for smitte. Dei nasjonale reglane seier at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til dei som bur i familien. Ein familie med fleire barn kan inviterast sjølv om det er fleire enn fem i familien, seier Mestad.
Han og dei andre kommuneoverlegane på Sunnmøre gir fem råd til dei som har tenkt seg heim i jula:
1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
2. Pass på godt smittevern når du reiser.
3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svara på ein test, har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.
5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!
Smitteutbrot
Dei store studiestadane i Oslo, Trondheim og Bergen har alle hatt utbrot av koronasmitte. Det same har fleire av dei andre høgskulemiljøa i Noreg som til dømes Gjøvik. No har studentane eit stort ansvar for å ikkje bringe smitta heim til jul.-Det er spesiell viktig at ein unngår å utsette dei eldre og dei som er i risikogruppa for smitte. Dei nasjonale reglane seier at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til dei som bur i familien. Ein familie med fleire barn kan inviterast sjølv om det er fleire enn fem i familien, seier Mestad.
Karanteneliknande tilstand
- Før ein reiser heim, bør ein tenkje over om ein har vore utsett for smitte. Ein kan gjerne ha færre kontaktar før reisa. Det same gjeld når ein kjem fram. Hald deg i ein karanteneliknande situasjon, ha kontakt med færrast mogeleg, hald avstand og nyt friluftslivet i staden. Sidan kan ein vere meir sosial, dersom smittesituasjonen gjer det mogleg. Hugs at framleis gjeld reglane for at ein ikkje skal ha meir enn fem gjestar privat og ikkje meir enn 20 ved eit privat arrangement utanfor heimen. Dersom ein har private festar med fleire enn kva som er lov, vert det slått ned på og ein kan risikere bot, seier Olav Mestad.Publisert: 24.11.2020 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06