Akkordloeysing for Havyard selskap
NYTT SELSKAP: Havyard har opprettar eit nytt verftsselskap som vidarefører verftsaktiviteten i Leirvik.
Nytt

Akkordløysing for Havyard-selskap

Fleirtal for kriseløysing for å hindre konkurs i tidlegare verftsselskap.

Marius Rosbach
20.10.2020
I ei tysdag morgon kjem det fram at Havyard-konsernet fekk fleirtal for ei forslag til akkordløysing som gir kreditorane rett til om lag ein firedel av gjelda i datterselskapet Havyard Ship & Technology.
Som eit ledd i løysinga, er alle konsernet sine krav til det konkurstrua selskapet sett på vent.
Det tidlegare verftsselskapet i tråd med det nye regelverket. Den gjekk over i forhandling om tvangsakkord.

Ingen stemte mot

Løysinga ein kom fram til, har fått fleirtal med 160 av 181 kreditorar. Ingen stemte mot, og 21 avga ikkje stemme. Det betyr at saka går til Sogn og Fjordane tingrett for stadfesting, opplyser selskapet tysdag morgon.
Havyard-selskapet ser ingen problem med ei slik stadfesting og reknar med at beløpet blir betalt ut når ankefristen er ute om fire veker.
Selskapet skriv i meldinga at det står att å avklare den endelege storleiken på på eit dividendekrav med nokre få kreditorar. Difor er det ikkje avklart kva beløp konsernselskapa - i hovudsak Havyard Group - vil få. Beløpet vil ligge mellom 5 og 15 millionar, skriv selskapet.

Store underskot

Tilsette og oppdrag er flytta frå Havyard Ship Technology, over i selskapet New Havyard Ship Technology for å sikre vidare drift ved verftet i Leirvik i Sogn.
Store tap på eksisterande byggeoppdrag og forseinkingar gjorde at styret ba retten om gjeldsforhandlingar i det tidlegare verftselskapet.
Reknskapet for 2019 til det . I løpet av tre år, frå 2017 til 2019 gjekk Havyard Ship Technology, med minus 535 millionar kroner i resultat før skatt. 273 av dei millionane kom i 2019.

Les også:




Publisert: 20.10.2020 09:52

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:59