Line Skarmyr Jorn Klungsoyr i Zegeba Investormatch 2025 Pir foto Ogne
Driftsdirektør Line Skarmyr og dagleg leiar Jørn Klungsøyr i Zegeba skal tilsette fleire etter ny kapitalutviding i selskapet. I går, tysdal 20. mai , presenterte dei Zegeba på konferansen Investormatch i Ålesund. Då hadde dei allereie sikra selskapet pengane dei opphavleg håpte å få investorar til på kome med etter presentasjonen på konferansen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aksjonær frå Andorra kom med 10 millionar

Zegaba-grunnleggaren møtte stor aksjonær på fjelltur i Pyreneene.

21.05.2025

Sommaren 2023 var Jørn Klungsøyr og familien på ferietur i Europa, mellom anna med stopp i det vesle fyrstedømmet Andorra i fjellkjeda Pyreneene på grensa mellom Spania og Frankrike. 

Klungsøyr er grunnleggar, dagleg leiar og største aksjonær i Zegeba.

På ein fjelltur der møtte Klungsøyr Anton Luu, ein canadiar som bur i Andorra. Luu er også ein investor, viste det seg, og det tilfeldige møtet på fjellturen er forklaringa på at Luu no er stor aksjonær i Zegeba.

Plussresultat i fjor
Ålesund-selskapet Zegeba leverer løysingar som gjer det råd for bedrifter og organisasjonar å lage og fylle ut alle typar skjema - og rapportere direkte frå ei datamaskin, mobil eller ipad ute på arbeid eller oppdrag. 

I tillegg omfattar systemet oversikt over kva inspektørar og montørar skal gjere når dei er ute på oppdrag.

2024-tala er ikke klare, men Klungsøyr seier selskapet hadde i underkant av 10 millionar kroner i inntekt og plussresultat. 

Fekk 10 nye investormillionar
Luu likte det Klungsøyr fortalde om Zegeba. Allereie seinare i 2023 gjekk han inn med 5,3 millionar kroner i Zegaba.

I førre veke kom ytterlegare 10 millionar kroner frå Luu, etter eit aksjonærmøte der ei kapitalutviding på minst to til fem millionar kroner var tema. 

Den siste kapitalutvidinga verdsette Zegeba til 120 millionar kroner og Luu eig no omlag 19 prosent av selskapet, ifølgje Klungsøyr.

Skal tilsette fleire
I dag har Zegeba 11 tilsette, men med den nye eigenkapitalen kan selskapet auke både sal-, marknad- og utviklingsinnsatsen, mellom anna for å få innpass i den utanlandske marknaden.

– Vi skal bli fleire, seier Klungsøyr.

Kapitalutvidinga no er meint som ein forløpar til eit større kapitalutviding på rundt 100 millionar kroner innen eitt til tre år, ifølgje Klungsøyr. Og med pengane frå Luu har selskapet tid til å førebu neste kapitalutviding.

– No har vi skaffa oss handlingsrom til å ta riktige val, seier Klungsøyr.

Publisert: 21.05.2025 12:08

Sist oppdatert: 21.05.2025 12:08

Mer om