Zegeba Line Jan Peter og Jørn 1
Driftsdirektør Line Skarmyr, finansdirektør Jan Peter Mork og dagleg leiar Jørn Klungsøyr i Zegeba har fått ein ny medeigar i selskapet. Alle tre er også aksjonærar i selskapet. Foto: Zegeba
Nytt

Canadisk investor inn i Zegeba

Selskapet har auka abonnemenstinntektene med 60 prosent i år og ventar ytterlegare vekst neste år.

06.12.2023

Ålesund-selskapet Zegeba leverer løysingar som gjer det råd for bedrifter og organisasjonar å lage og fylle ut alle typar skjema - og rapportere direkte frå ei datamaskin, mobil eller ipad ute på arbeid eller oppdrag. I tillegg omfattar systemet oversikt over kva inspektørar og montørar skal gjere når dei er ute på oppdrag.

No har den Andorra-busette canadiske investoren Anton Luu gått inn inn med 5,7 millionar kroner i ny eigenkapital, som ein del av ei kapitalutviding på inntil åtte millionar kroner.

Eig omlag 10 prosent
Selskapet er verdsett til 47,9 millionar kroner før kapitalutvidinga og Luu blir eigar av omlag 10 prosent av selskapet dersom emisjonen blir fullteikna.

Dagleg leiar og medgrunnleggar Jørn Klungsøyr seier kapitalutviding er med og finansierer selskapet fram mot ei internasjnonal satsing, og ei større kapitalutviding neste år. Selskapet har ti tilsette i dag og aukar staben med fire.

Minus-år
Etter vekst fram til og med 2021 fall inntektene til Zegeba i fjor, frå 7,4 til 6,3 millionar kroner og resultatet før skatt blei minus tre millionar kroner mot minus 0,3 millionar i 2021.

I år går det betre: «2023 er et godt år for Zegeba med et betydelig taktskifte der de hittil i år har hatt en abonnementsvekst på over 60% og forventer å nå over 70% vekst i 2023», skriv selskapet i ei pressemelding.

Publisert: 06.12.2023 09:00

Sist oppdatert: 06.12.2023 16:44

Mer om