Algeprodusent ventar på inntektene
Selskapet Halsebakk-familien nyleg selde til Arctic Bioscience, hadde Innovasjon Norge som einaste inntektskjelde i fjor.
Algeselskapet Arctic Algae fekk 546.000 kroner med Innovasjon Norge som sluttutbetaling for eit treårig prosjekt i 2022.
Det var einaste inntektskjelda til selskapet i fjor.
Resultatet før skatt enda opp med minus 4,5 millionar kroner for selskapet som er registrert på Larsnes. Her skal selskapet drive produksjon av mikroalgar ved anlegget til tidlegare Breivik Kalkverk.
(saka held fram etter tabellen)
Arctic Algae | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 0,5 | 0,3 | |
Driftsresultat | -4,3 | -3,7 | |
Resultat før skatt | -4,5 | -4 |
Satsa store summar
Selskapet vart starta i 2020 av marinbiolog og algegründer Morten Laake frå Gausdal.
Han fekk med seg Halsebakk-familien og investeringsselskapet Ronja Capital II, og det vart satsa store summar på utvikling av eit pilotanlegg for dyrking av mikroalgar. Desse skulle brukast i blant anna helsekost- og fôrprodukt.
Ferdig utbygd såg Laake føre seg ti-tolv tilsette og ein årleg produksjon på 250-300 tonn.
Kjøpt opp av Arctic Bioscience
I februar i år kjøpte Ørsta-baserte Arctic Bioscience heile selskapet for 16,3 millionar kroner.
- Vi er veldig glade for å kunne inkludere dei svært dyktige tilsette i Arctic Algae i vårt team. All vår produktutvikling er basert på unik kompetanse på bioaktive marine råstoff, og ved å kombinere Arctic Algae sin kompetanse innan bioreaktorteknologi, så representerer dette ei stor mulegheit for Arctic Bioscience til kontinuerleg å kunne designe og ekstrahere marine membranlipidar til bruk i våre produkter, sa administrerande direktør i Arctic Bioscience, Christer Valderhaug, i ei pressemelding etter kjøpet.
Arctic Algae hadde ved årsskiftet ein eigenkapital på 12,7 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 4,6 millionar.
Ved overtakinga av Arctic Bioscience hadde algeselskapet ein netto likviditetsposisjon på 5,5 millionar.
Publisert: 27.04.2023 11:41
Sist oppdatert: 27.04.2023 13:18