Børsdagen: Halsebakk aukar i Arctic Bioscience
Verdset Arctic Bioscience-aksjane 60 prosent over børskurs.
Halsebakk-familiens sitt investeringsselskap Ronja Capital II sel algeselskapet Arctic Algae as til Arctic Bioscience for 16,3 millionar kroner - med oppgjer i Arctic Bioscience-aksjar til nesten 70 prosent over dagens børskurs.
- Frå Ronja Capital sin ståstad så ser vi selskapet (Arctic Biosciece, red. merk) som kraftig undervurdert, seier investeringsdirektør Tore A. Tønseth i Ronja Capital II.
Andre investorar i Arctic Bioscience let seg imidlertid ikkje påverke av Ronja Capital II og Arctic Bioscience sine verdivurderinga. Aksjekursen i Arctic Bioscience var 10,85 kroner ved børsslutt i dag, den same kursen som fredag ettermiddag.
I dag er Ronja Capital II største eigar, med 8,7 prosent av aksjane i Arctic Bioscience. Når Arctic Algae-transaksjonen er gjennomført eig Ronja Capital II 12 prosent.
Hadde betalinga vore avtalt til dagens kurs ville Ronja Capital II sin eigarandel vore større.
Denne artikkelen er oppdatert etter at børshandelen er over i ettermiddag, mellom anna med dagens børskurs for selskap på Nordvestlandet.
Administrerande direktør Christer Valderhaug kjøpte 27.630 aksjar Arctic Bioscience i dag, til 10,8342 kroner aksjen. Etter kjøpet eig han 47.630 aksjar og 250.000 aksjeopsjonar i selskapet.
5,5 million på bok
Arctic Algae på Larsnes blei etablert i 2020 for å dyrke fram mikroalgar, som mellom anna er utgangspunktet for marine oljar og protein. Det er produkt som kan vere ingrediensar i både helsekost- og medisinske produkt, ifølgje ei børsmelding frå Arctic Bioscience.
Prisen på 16,3 millionar kroner er medrekna 5,5 millionar kroner som Arctic Algae har på bok.
Sidan Ronja Capital II er på begge sider i transaksjonen er investering og rådgivingselskapet Converto i Ålesund leigd inn for å gjere ei uavhengig verdivurdering av Arctic Algae.
Helsekost og legemiddel
Arctic Bioscience er i gang med ein større internasjonal studie av eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.
Middelet er basert på silderogn som også er utgangspunktet for selskapet sine helsekostprodukt.
Selskapet sette ny inntektsrekord i 2022, men utviklingskostnadane for den moglege psoriasismedisinen gjer at selskapet hadde eit tosifra millionunderskot.
Nortel-hopp
Kursen i mobiltelefoniselskapet Noretel gjorde eit nytt hopp i dag, til 24,60 kroner aksjen. Det er den høgaste kursen sidan januar 2022.
Les også
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,72 | 7,50 % |
Nortel | 24,60 | 6,03 % |
Hexagon Composites | 34,62 | 5,48 % |
Havila Kystruten | 10,55 | 4,46 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,940 | 3,16 % |
Havila Shipping | 20,90 | 2,45 % |
Arctic Bioscience | 10,85 | 0,00 % |
Hexagon Purus | 28,70 | -0,21 % |
Atlantic Sapphire | 9,00 | -0,55 % |
Salmon Evolution | 8,43 | -0,59 % |
Norva 24* | 33,56 | -0,71 % |
Sparebanken Møre | 83,40 | -0,71 % |
Hav Group | 9,52 | -1,35 % |
Endúr | 29,81 | -1,47 % |
Hofseth Biocare | 2,74 | -1,79 % |
Statt Torsk | 1,38 | -2,82 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 13.02.2023 14:36
Sist oppdatert: 13.02.2023 17:24