Anne Mari Rødal Kleppe Bjørkedal 2
Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe trur folk vil kjøpe gåver som har større nytteverdi i år. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Amfi Moa på veg mot nytt rekordår

Amfi Moa-sjefen frykta renteauka ville stoppe veksten. Det har ikkje skjedd.

Hittil i år har Amfi Moa hatt ei auke i omsetninga på fem prosent i alle bransjar, samanlikna med same periode i fjor.

For heile 2022 omsette bedriftene på Amfi Moa for 3,3 milliard kroner. Om trenden held fram, vil kjøpesenteret ende på rundt 3,465 milliardar kroner i 2023.

5,6 millionar besøkande så langt i år er ein auke på 5,2 prosent frå året før.

– Eg var redd for at folk ikkje ville kjøpe så mykje i år på grunn av rentene. Dette har ikkje skjedd, seier senterleiaren på Amfi Moa, Anne Mari Rødal Kleppe.

Difor lurer ho på om det kan kome seinverknadar neste år dersom folk handlar mykje til jul.

Trur julehandelen tjuvstartar
Måndag publiserte NHO ei analyse som viser at nordmenn kjem til å handle for 130 milliardar kroner i årets julehandel.

Sentersjefen på Amfi Moa, Anne Mari Rødal Kleppe, seier dei ikkje kan vite korleis årets julehandel vil bli.

Til vanleg seier dei i bransjen at julehandelen startar i veke 48.

– Den kjem til å starte tidlegare i år, trur eg, seier ho.

I veke 47 startar Black Week, eit konsept der produkt blir lagt ut for rabatterte prisar. Veka før har senteret medlemskveld for kundeklubben sin.

I fjor omsette dei for 485 millionar kroner i julesesongen, som er frå veke 48 og ut året.

Amfi moa jul desember 2021 foto marius 11
Innan neste veke skal juletredet på Amfi Moa opp att. Foto: Ogne Øyehaug

Trur dette blir årets julegåve-hit
I fjor selde senteret gåvekort for 29 millionar kroner, der nesten 20 av dei gjekk til julehandelen.

Tala herfrå kjem ofte inn på omsetninga året etterpå, sidan det ikkje tel før kortet faktisk er brukt.

– Dette trur eg blir største julegåva for oss, men eg trur også kundar vil kjøpe gåver sine kjære ønskjer seg eller har bruk for: Noko som er spiseleg, ski, skøyter, men også leiker og opplevingar, seier Rødal Kleppe.

Vil planlegge betre
Om fire veker startar julehandelen for alvor, spår NHO.

Dei trur at folk vil planlegge handelen betre. Difor vil folk kjøpe færre, men dyrare gåver.

I snitt trur dei nordmenn vil bruke 23.688 kroner på mat, drikke og julegåver, og at julehandelen vil auke med 1,4 prosent samanlikna med i fjor.

– Norske forbrukarar kjenner renteauker og inflasjon på kroppen, og vi har i lang tid sett at dei må prioritere hardare. Dette vil gi utslag også på årets julehandel, seier bransjedirektør for handel i NHO Service og Handel (NHO SH), Linda Vist.

Dei spår at nordmenn totalt vil handle julegåver for 130 milliardar kroner.

50210193922 127048f74f c
Bransjedirektør for handel i NHO Service og Handel, Linda Vist, meiner kundane vil stille større krav til gode handelsopplevingar og emne til å tilpasse seg kundane framover. Foto: NHO Service og Handel

Vekst på nett
Både nettbutikkar og lågprisbutikkar har hatt ein gradvis vekst dei siste månadene, fordi varene kundane er ute etter kan bli funne til ein låg pris der.

– Forbrukarane vil nok byrje julehandelen tidleg for å kunne planleggje godt og samtidig sikre seg gode tilbod. Derfor vil Black Week vere ekstra viktig i år. For kundane, men også for handelen, fortel Vist.

NHO estimerer at nordmenn vil leggje att 12,1 milliardar kroner i norske nettbutikkar i november og desember, som er ein auke på fem prosent samanlikna med fjoråret.

Likevel er det eit stykke igjen til netthandelen tek over marknaden, ifølgje NHO.

Anne Mari Rødal Kleppe trur det er mest unge som nyttar netthandelen i staden for å gå i butikken.

– Eg synes alle bør bruke nærbutikkane sine, og ikkje bestille på nett. På denne måten vil butikkane bestå.

Publisert: 31.10.2023 10:56

Sist oppdatert: 01.11.2023 11:48

Mer om