Stormfuglen rettsak foto Ogne
FØRSTE RUNDE: Stormfuglen og Atlantic Marine møttes i tingretten i februar 2023. Eva Toril Strand til venstre med ryggen til og Kåre Sindre Nyvoll til høgre. Ankesaka i lagmannsretten gjekk i januar i år og dommen kom i februar. No er den anka.
Nytt

Ankar dom i Stormfuglen-saka

Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll ankar til Høgsterett.

25.03.2024

Frostating lagmannsrett dømde tidlegare i år skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund til å betale 24 millionar kroner i erstatning til søstrene Eva Toril Strand og Dagny Elisabeth Strand Bachmann etter salet av fiskebåten Stormfuglen i 2020.

Retten gav søstrene medhald i at meklaroppdraget vart utført på ein slik måte at søstrene fekk for dårleg betalt. Den dømde også skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll til å vere solidarisk ansvarleg for inntil fem millionar kroner av erstatningsbeløpet.

Atlantic Marine/Nyvoll vart dømt til å betale erstatning både av tingretten og lagmannsretten.

«Berre å lese dommen»
NETT NO kjenner ikkje grunnlaget for anken.

«Det er berre å lese dommen og tenke sjølv», skriv Kåre Sindre Nyvoll i ei tekstmelding på spørsmål om kva grunnlag det blir anka på.

Dommen mot Atlantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll vart avsagt under dissens og partane må dekkje sine eigen sakskostnadar. Ein dom avsagt under dissens, er ein dom der dommarane ikkje er samrøystes i sine vurderingar.

Ikkje økonomisk tap
Ein av dei tre dommarane i lagmannsretten er samd med dei to andre i at Nyvoll handla uaktsomt i måten han handterte salet på, men var usamd i at det var snakk om grov uaktsomheit.

Mindretallet kan heller ikkje «se at det er tilstrekkelig dokumentert at Stormfuglen er påført noe økonomisk tap som følge av meglerens mangelfulle utførelse av sitt oppdrag».

Mindretallet meiner óg at Eva Toril Strand, som handterte salet på vegne av seg sjølv og søstera, har eit ansvar for utfallet.

«Mindretallet legger også vekt på at selger, som ut fra sin erfaring innenfor ringnotflåten både med mangeårig drift av egen fiskebåt og samtidig deltakelse i fiskeriorganisasjonene, selv bedømte prisen som akseptabel. Det legges også vekt på at selger aksepterte budet til tross for at Nyvoll erkjente åpent at budet var fremkommet uten at han hadde kontaktet alle aktuelle interessenter innen flåten, slik hun hadde bedt ham om. Og til tross for at Nyvoll ga uttrykk for at han muligens kunne oppnå MNOK 5-10 mer om han hadde henvendt seg til resten av markedet. I samme retning trekker den omstendighet at selger i etterkant av avtalen heller ikke overfor megler ga uttrykk for at hun var misfornøyd med hva han hadde oppnådd», heiter det i dommen.

Publisert: 25.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 24.03.2024 23:23

Mer om