Fv Knut Degn Karstensen H Enning Veibust Kent Damgaard Karstensen Skipbsværft foto ogne
EI RUNDE TIL: Henning Veibust (i midten) må gjennom ei rettsrunde til om aksjeprisen for Fiskebas Holding etter at majoritetseigarane brukte forkjøpsretten for å overta Veibust sin aksjepost på 40 prosent. Dei meiner 110 millionar kroner er for høgt og krev overskjøn for å få prisen ned. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ankar i strid om pris på fiskebåt

Reiarar i Florø meiner Henning Veibust har fått for godt betalt. Krev overskjøn.

20.12.2023

- Det er begjært overskjøn, seier advokat Svein Aage Valen som representerer majoritetseigarane i fiskebåtreiarlaget Fiskebas Holding i Florø.

Utgangspunktet for saka er at Henning Veibust sitt heileigde fiskebåtreiarlag, Veibust Fiskebåtreiarlag i Ålesund, kjøpte 40 prosent av aksjane i Fiskebas Holding i Florø, som eig fiskebåtreiarlaget Fiskebas. Fiskebas eig og driv ringnotbåten med same namn.

Kjøpet vart gjennomført 13. desember 2022 og prisen var 90 millionar kroner. Seljarane var Heidi Susanne M. Bendiksen, Trone Henny M. Nedreberg og Janka Helene Nedreberg. Ingen av dei var aktive i drifta av reiarlaget.

Brukte forkjøpsretten
Majoritetseigarane; Siv Madsen, Ole Morten Madsen, Kåre S. Madsen, Geir M. Madsen og Harald Standal Madsen - gjennom selskapet H Madsen - hadde ein forkjøpsrett.

Den forkjøpsretten valde H Madsen å bruke, og kravde skjøn for å avgjere kor mykje Veibust skulle få for sin aksjepost på 40 prosent.

Før det i mars i år vart reist krav om rettsleg skjøn for å fastsette verdien av av aksjane, baud majoritetseigarane Veibust 30 millionar kroner for posten.

Det går fram av slutninga for Møre og Romsdal Tingrett, som konkluderte med at rett pris var 110 millionar kroner.

Ikkje samde
Før salet til Veibust, hadde minoritet- og majoritetseigarane i Fiskebas Holding ikkje lukkast i å bli samde om prisen for aksjeposten på 40 prosent.

Majoritetseigarane baud 19 millionar kroner for aksjeposten på 40 prosent i august 2021.

I april 2022 kom eit nytt bod, på 60 millionar kroner. Også det vart avslått og mindretalseigarane gjekk ut i marknaden for å finne nokon som ville betale meir.

Hyra inn meklar
Adviso Advokatfirma, som arbeidde for minoritetseigarane, engasjerte Kåre Nyvoll i meklarselskapet Atlantic Marine for å finne kjøparar til aksjeposten.

Nyvoll vurderte verdien av båt og kvotar til 537 millionar kroner.

Han påpeika samstundes i prospektet at det var ein mindretals-aksjepost som var til sals, der kjøparen måtte rekne med å vere medeigar utan innflytelse - og med ein majoritetseigar som i prinsippet ville kjøpe ut aksjonærane som ville selje.

Publisert: 20.12.2023 13:00

Sist oppdatert: 20.12.2023 14:11

Mer om