Henning Veibust ombord på Havskjer foto Ogne
SKJØNN: Majoritetseigarane i Florø-reiarlag kravde rettsleg skjøn for å fastsette verdien etter at Henning Veibust kjøpte ut mindretalseigarane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Veibust-gevinst på fiskebåtreiarlag

Henning Veibust skal få 110 millionar for aksjane i eit reiarlag, han kjøpte for 90 millionar i desember i fjor.

22.09.2023

Gjennom sitt heileigde fiskebåtreiarlag Veibust Fiskebåtreiarlag i Ålesund kjøpte Veibust 40 prosent av aksjane i Fiskebas Holding i Florø, som eig fiskebåtreiarlaget Fiskebas. Fiskebas eig og driv ringnotbåten med same namn.

Kjøpet vart gjennomført 13. desember 2022 og prisen var 90 millionar kroner går det fram av ei slutning i ei skjønnsak i Møre og Romsdal tingrett.

Seljarane var Heidi Susanne M. Bendiksen, Trone Henny M. Nedreberg og Janka Helene Nedreberg. Ingen av dei var aktive i drifta av reiarlaget.

Kravde skjøn
Majoritetseigarane; Siv Madsen, Ole Morten Madsen, Kåre S Madsen, Geir M Madsen og Harald Standal Madsen - gjennom selskapet H Madsen - hadde ein forkjøpsrett.

Den forkjøpsretten valde H Madsen å bruke, og kravde skjøn for å avgjere kor mykje Veibust skulle få for sin aksjepost på 40 prosent.

Konklusjonen - 110 millionar kroner - er nettopp klar frå tingretten.

Baud 19 millionar for minoritetspost
Majoritetseigarane baud i august 2021 minoritetseigarane 19 millionar kroner for aksjeposten på 40 prosent.

I april 2022 kom eit nytt bod, på 60 millionar kroner. Også det vart avslått og mindretalseigarane gjekk ut i marknaden for å finne nokon som ville betale meir.

Adviso Advokatfirma, som arbeidde for minoritetseigarane, engasjerte Kåre Nyvoll i meklarselskapet Atlantic Marine for å finne kjøparar til aksjeposten.

Nyvoll vurderte verdien av båt og kvotar til 537 millionar kroner. Han påpeika samstundes i prospektet at det var ein mindretals-aksjepost som var til sals, der kjøparen måtte rekne med å vere medeigar utan innflytelse - og med ein majoritetseigar som i prinsippet ville kjøpe ut aksjonærane som ville selje.

Ville gi 30 millionar
Før det i mars i år vart reist krav om rettsleg skjøn for å fastsette verdien av av aksjane, baud majoritetseigarane Veibust 30 millionar kroner for posten, går det fram av slutninga.

NETT NO har ikkje lukkast med å få kontakt med Veibust, eller partane sine advokatar.

Skjønnet kan ankast til lagmansretten.

Veibust Fiskeriselskap hadde 244 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 52 millionar kroner i 2022.

Publisert: 22.09.2023 16:45

Sist oppdatert: 23.09.2023 18:49

Mer om