Ankeutval avviste Aurstad-anke
Ankeutvalet i Frostating lagmannsrett har avvist å ta dommen mot Cato Aurstad opp til ny behandling. Saka er anka vidare til Høgsterett.
Cato Aurstad vart i mai i år dømt til eitt år og ni månaders fengsel i Søre Sunnmøre Tingrett for sine handlingar før konkursen i entreprenørselskapet K A Aurstad.
Dommen vart anka, men ankeutvalet i Frostating Lagmannsrett har avvist å ta saka opp til ny behandling i lagmannsretten.
Ankeutvalet konkluderer med at korkje lovanvendelsen eller bevisvurderinga i tingretten er feil, og også med at heller ikkje anken over straffeutmålinga vil føre fram.
Les også
Saka er anka vidare til Høgsterett, ifølgje Frostating Lagmannsrett.
Under marknadspris
Utgangspunktet for straffesaka er salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad. Målet, i følgje Aurstad si forklaring i retten, var å tilføre K.A.Aurstad likviditet slik at selskapet kunne klare seg gjennom krisa det var i.
Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen. Det er dommarane samde i:
"Retten finner det bevist utover enhver rimelig og fornuftig tvil at tiltalte den 04.10.2018 hadde bevissthet om at transaksjonen var egnet til å hindre at maskinene og utstyret tjente til dekning for en eller flere av KAAs kreditorer.", heiter det i domen.
Venta å bli frifunnen
- Dommen vil bli anka. Cato Aurstad gjorde dette i beste meining og meiner det var ein forsvarleg transaksjon. Han hadde forventa å bli frifunnet og er både overraska og skuffa sa Aurstad sin forsvarar, Vegard Aaløkken etter dommen i tingretten.
Entreprenørselskapet K.A. Aurstad hadde over 200 tilsette ved konkursen, og var det største selskapet i Aurstad-konsernet.
Cato Aurstad er største eigar i konsernet og var driftsleiar og styremedlem i K.A. Aurstad. Han er driftsleiar i konsernet i dag.
Publisert: 24.09.2021 15:48
Sist oppdatert: 24.09.2021 15:53