Aurstad dømt
Dømt til eitt år og ni månaders fengsel etter Aurstad-konkursen.
Økokrim fekk medhald i si vurdering i straffesaka mot Cato Aurstad. Møre og Romsdal Tingrett har dømt Aurstad til eitt år og ni månaders fengsel.
- Dommen vil bli anka. Cato Aurstad gjorde dette i beste meining og meiner det var ein forsvarleg transaksjon. Han hadde forventa å bli frifunnet og er både overraska og skuffa seier Aurstad sin forsvarar, Vegard Aaløkken.
- Dommen sender eit viktig signal om at ein kan risikere straff om ein sel med rabatt i ein vanskeleg økonomisk situasjon, seier aktor Bård Thorsen.
Utgangspunktet for straffesaka er salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad. Målet, i følgje Aurstad si forklaring i retten, var å tilføre K.A.Aurstad likviditet slik at selskapet kunne klare seg gjennom krisa det var i.
(artikkelen held fram under)
Les også
- Dommen vil bli anka. Cato Aurstad gjorde dette i beste meining og meiner det var ein forsvarleg transaksjon. Han hadde forventa å bli frifunnen og er både overraska og skuffa
- Dommen sender eit viktig signal om at ein kan risikere straff om ein sel med rabatt i ein vanskeleg økonomisk situasjon
Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen. Det er dommarane samde i:
"Retten finner det bevist utover enhver rimelig og fornuftig tvil at tiltalte den 04.10.2018 hadde bevissthet om at transaksjonen var egnet til å hindre at maskinene og utstyret tjente til dekning for en eller flere av KAAs kreditorer.", heiter det i domen.
I følgje dommen var prisen minst 10 millionar kroner for låg. Det var forsvarleg å gir ein rabatt når heile maskinparken vart seld samla, men ikkje så mykje som det vart gjort i dette tilfellet, ifølgje dommen.
Over 200 tilsette
Entreprenørselskapet K.A. Aurstad hadde over 200 tilsette ved konkursen, og var det største selskapet i Aurstad-konsernet.
Cato Aurstad er største eigar i konsernet og var driftsleiar og styremedlem i K.A.Aurstad. Han er driftsleiar i konsernet i dag.
Konkursfare
Retten meiner og Cato Aurstad var klar over det var stor fare for at K.A. Aurstad ikkje ville klare seg:
Det samlede bevisbildet viser at tiltalte hadde bevissthet om at KAA på tidspunktet for transaksjonen i det minste stod i «påtakelig fare» for å bli insolvent.
(KAA er forkorting for K.A. Aurstad.) Insolvens betyr at eit selskap både manglar midlar til å gjere opp for seg og har reell negativ eigenkapital.
Aurstad var også klar over at maskinparken vart seld til underpris, ifølgje dommen:
"Retten viser videre til at KAA og tiltalte selv i september estimerte verdien av maskinpakken til snaut MNOK 50. Videre innhentet og samordnet tiltalte de eksterne verdivurderingene, før han satte en samlet pakkerabatt sammen med Tverberg slik at kjøpesummen ble MNOK 20. Retten finner at tiltalte hadde bevissthet om at maskinpakken ble solgt fra KAA til en langt lavere pris enn KAA selv vurderte verdien."
(Tverberg er dagleg leiar for Aurstad-konsernet)
Visste om risikoen
Retten konkluderer og med at Cato Aurstad hadde blitt gjort merksam på risikoen ved å selje maskinparken til eit søsterselskap til for låg pris, men gjennomførte likevel transaksjonen:
"Oppsummert har flere av KAAs rådgivere, herunder revisor, advokatene i DLA og Sparebank1 Søre Sunnmøre, stilt spørsmål til KAA og tiltalte knyttet til transaksjonen og verdifastsettelsen. Etter rettens syn viser dette at det har vært en sirkularitet mellom de eksterne aktørene i deres aksept av transaksjonen. Den tiltalte hadde imidlertid totaloversikten, og selv om han ble opplyst om risikoer ved transaksjonen valgte han å gjennomføre den.", heiter det i dommen.
Utfordra banken
Ifølgje dommen var Cato Aurstad også klar over at salet av maskinparken utan å informere DNB, som var største kreditor, kunne føre til DNB valde å avslutte låneavtalen med K.A.Aurstad og dermed utløyse ein konkurs.
Alt i alt var Aurstad klar over risikoen ved salet av maskinparken, meiner dommarane:
"Retten finner det bevist utover enhver rimelig og fornuftig tvil at tiltalte den 04.10.2018 hadde bevissthet om at transaksjonen innebar en uforsvarlig handling.", heiter det i dommen.
Lang tid
Det er to og eit halvt år sidan det omstridde salet av maskinparken. Det tel i formildande retning, i følgje dommen. At Cato Aurstad heller ikkje fekk eigen direkte personleg vinning av transaksjonen er også formildande.
Økokrim la ned påstand om to års fengsel, retten set straffa til eitt år og ni månaders fengsel.
Tok beslag
Etter at det vart opna konkurs i K.A. Aurstad 6. desember 2018 tok bustyrar Håvard Wiker beslag i maskinparken. Han meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for kjøpet.
Like før jul 2018 vart det inngått eit forlik mellom bustyret og Aurstad Maskinutleige der Aurstad Maskinutleige overtok omlag ein fjerdepart av maskinparken for 9,5 millionar kroner.
I starten av 2020 melde bustyret salet av maskinparken til Økokrim, som tok ut tiltale mot Cato Aurstad i januar 2021.
Les også
Publisert: 04.05.2021 13:03
Sist oppdatert: 18.05.2021 13:58