NTB KQ s Xl Wph F4
MDG-leiar Une Bastholm tar selfie saman med Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre før ein partileiardebatt under valkampen. Men det er harde frontar mellom dei to partia når det gjeld spørsmålet om oljeleiting på norsk sokkel. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Nytt

Ap seier nei til oljeleiting i uutbygde område

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier nei til store, nye leiteoperasjonar på norsk sokkel, men vil halde fram kartlegginga på eksisterande felt.

08.09.2021

NPK-NTB: Under partileiarutspørjinga i Politisk kvarter på NRK onsdag uttalte Støre at han ikkje kan gå med på kravet frå MDG om at dei ikkje kan støtte ei regjering som vil halde fram med å leite etter olje.

– Då får MDG heller støtte Erna Solberg og Sylvi Listhaug, svarte Støre.

Ikkje nye område
Ap-leiaren seier derimot klart at partiet ikkje vil gå inn for at det blir gjennomført nye store leiteoperasjonar på uutbygde felt på sokkelen.

– Det blir ikkje store leiteoperasjonar på norsk sokkel. Vi har sagt nei til Lofoten, Vesterålen og Senja. Men i dei områda der Noreg i dag har installasjonar, røyr, riggar, så skal vi halde fram med å kartleggje ressursar. Og det meiner vi er nødvendig for å ha økonomi til å klare det grøne skiftet og få fram dei nye fornybare energikjeldene, sa Støre.

MDGs leiar, Une Bastholm, har tidlegare i valkampen sagt klart frå at partiet ikkje vil støtte eit budsjett som opnar for leiteverksemd, sjølv om ein eventuell statsminister Jonas Gahr Støre då truar med å gå av.

Publisert: 08.09.2021 09:34

Sist oppdatert: 08.09.2021 09:40