Arbeid til neste sommar
Aurvoll og Furesund har fått oppdrag for 50 millionar siste månadane.
- Vi har bra å gjere fram til neste sommar, seier dagleg leiar og medeigar Eivind Lars Berge i entreprenørselskapet Aurvoll og Furesund i Herøy.
Medrekna underentreprenørar på lange avtalar sysseset selskapet 50-55 personar.
I løpet av dei siste månadane har selskapet fått inn oppdrag for rundt 50 millionar kroner og Berge anslår den samla ordrereserven til 70-80 millionar kroner. Det er uvanleg høgt for selskapet.
Høg etterspørsel i marknaden kombinerte med ein god standing, og positiv effekt av at selskapet også kan prosjektere saman med kundane er grunnen til at ordreboka er blitt så tjukk, meiner Berge.
Han (24,1 prosent) eig selskapet saman med Birger Anfinn Furesund (33,6 prosent), Erik Aurvoll (24,1 prosent) og Elisabeth Aurvoll (9,1 prosent).
Aurvoll og Furesund as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 99,6 | 85,3 |
Driftsresultat | 6,6 | 5,8 |
Resultat før skatt | 6,7 | 5,7 |
Les også
Publisert: 13.07.2021 09:00
Sist oppdatert: 13.07.2021 09:01