Jo Stian Tverberg Austad foto Ogne
KORONAÅR: Smitteverntiltak gjorde anleggsverksemda til Aurstad-konsernet, men konsernet kunne likevel halde oppdraga sine gåande i fjor, seier Aurstadsjef Jo Stian Tverberg.
Nytt

Aurstad ser etter fleire tilsette

Aurstad-konsernet er oppe i 90 tilsette og ser etter fleire.

09.06.2021

Entreprenørkonsernet i Hovdebygda i Ørsta har hatt sitt andre heile driftsår etter konkursen i det tidlegare hovudselskapet i konsernet, K A Aurstad.

Både 2019 og 2020 gjekk i pluss. Administrerande direktør Jo Stian Tverberg seier selskapet er godt nøgd med 2020-resultatet, etter eit år der drifta blei meir krevande på grunn av koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den.

Eit større prosjekt blei forseinka på grunn av koronaepidemine, og meir av arbeidet flytta over til i år. Det er hovudårsak til nedgangen i driftsinntekter frå 2019 til 2020 (sjå tabell).

I år blir driftsinntektene høgare enn i fjor, seier Tverberg.

Aurstad as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter170,0229,9
Driftsresultat4,47,2
Resultat før skatt3,35,8

Fleire folk
Selskapet har kontrakter som går inn i 2022, har nyleg auka arbeidsstokken og ute etter fleire folk både til prosjektleiing og ute på anlegga.

I 2014, då selskapet var ein av hovudentreprenørane på bygging av ny E6 i nordre del av Gudsbrandsdalen, hadde konsernet 570 millionar kroner i driftsinntekter. Då E6-oppdraget var over greidde selskapet ikkje å erstatte det med tilstrekkeleg nytt arbeid og i 2018 gjekk K A Aurstad konkurs etter mellom anna store tap på eit oppdrag som underleverandør på E6 i Trøndelag.

Konflikter
I dag er datterselskapet Aurstad Tunnel hovudselskapet i konsernet, medan Aurstad Maskinutleige eig maskinparken.

Etter konkursen i K A Aurstad gjekk Aurstad Maskinutleige til erstatningssak mot sin juridiske rådgivar, DLA Piper. Den saka skal behandlast i Høgsterett.

Etter konkursen tok Økokrim ut tiltale mot majoritetseigar og driftsleiar Cato Aurstad, for grovt kreditorsvik i samband med salet av maskinparken ut av K A Aurstad til datterselskapet Aurstad Maskinutleige eit par månader før konkursen. Aurstad vart funnen skuldig i tingretten. Dommen er ikkje rettskraftig og er anka til lagmannsretten.

Tverberg seier konsernet er heilt opne om saken som går i rettsapparatet, og ikkje opplever dei som problematiske i høve til kundar.

Publisert: 09.06.2021 10:51

Sist oppdatert: 09.06.2021 11:17

Mer om