Ole Arne Eiksund Arctic Bioscience Øyvind Amundsen Oslo B Ørs
BJELLESEREMONI PÅ NETT: Børsdirektør Øyvind Amundsen ringer med bjella og markerer at Arctic Bioscience er eit børsnotert selskap. Innfelt, administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Nytt

Arctic Bioscience børsnotert

Nordvestlandet sitt nye børsnoterte selskap verdsett til 668 millionar kort tid etter opning.

24.02.2021

Arctic Bioscience blei verdsett til kurs 32 kroner per aksje i samband med kapitalutviding på 345 millionar kroner før børsnoteringa.

Dei første handlane etter at selskapet vart tatt opp til notering i dag skjedde til kursane 26.50 og 27,0 kroner. Ved 9-tida var kursen 27,50 kroner, som verdset selskapet til 668 millionar kroner.


Frå helsekost til medisin
Arctic Bioscience er allereie etablert som helsekostprodusent, men kapitalutvidinga og børsnoteringa no heng saman med satsing på å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn.

Mykje av pengane som blir henta inn no skal finansiere ei stor internasjonal studie for å dokumentere effekten av psoriasismiddelet.

Så langt har medisinske studiar gått Arctic Bioscience sin veg, men også ein stor internasjonale studie må til før produktet kan få godkjent-stempel.

Fabrikk i Ørsta
Innan fem år er målet til Arctic Nutrition å ha ein legemiddelfabrikk til 150 millionar kroner på Nordvestlandet, sa selskapet i 2018.

Planen er å bygge ut ved hovudkontoret i Ørsta og samle alt under eitt tak, med kontroll over heile verdikjeda, både når det gjeld medisinske produkt og helsekostprodukt.

Eigarar frå Nordvestlandet
Ein del av eksisterande aksjonærar var med på emisjonen, slik at eigarane før kapitalutvidinga eig knappe 70 prosent av selskapet etter kapitalutvidinga.

Det betyr at Arctic Nutrition framleis har eit stort innslag av aksjonærar frå Nordvestlandet, blant dei Halsebakk-familiens investeringsselskap, Asbjørn Solevågseide og familie og søskena Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal.

Sjekk oppdatert aksjekurs her (ekstern lenke)

Publisert: 24.02.2021 08:48

Sist oppdatert: 04.08.2021 15:32