Arctic Nutrition eitt steg naerare maalet
HAR RESULTAT: Dei første resultata frå ei omfattande studie av verknaden Arctic Nutritions silderognprodukt har på hudsjukdomen psoriasis skal presenterast i Bergen fredag. Selskapet blei tidlegare i år tatt opp i Legemiddelforeningen og målet er å etablere legemiddelproduksjon på Nordvestlandet. Her er administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen og Ole Arne Eiksund i Arctic Nutrition då Bekkemellom besøkte Hovdebygda-bedrifta tidlegare i år.
Nytt

Arctic Nutrition eitt steg nærare målet

Presenterer resultat frå studie av silderogn mot psoriasis. Siktar mot legemiddelgodkjenning.

14.11.2018
Fredag skal selskapet Arctic Nutrition i Hovdebygda og forskarar frå Haukeland universitetssjukhus i Bergen presentere dei første resultata frå ein omfattande studie av verknaden av silderogn mot hudsjukdomen psoriasis. Målet er godkjenning som legemiddel, og å etablere legemiddelproduksjon på Nordvestlandet.

Ny runde med forsøk

Håpet er at Arctic Nutrition skal ha fått silderognproduktet godkjent som legemiddel i 2021/2022.
Før selskapet kjem dit må studien som blir presentert på fredag gjerast ferdig. Den er ferdig neste vår.
Deretter må heile studien gjerast på nytt, med fleire forsøkspersonar og i fleire land. Først når resultata frå den runden - den tredje - med forsøk og testing er klare vil europeiske helsestyresmakter avgjere om silderognproduktet blir godkjent som legemiddel.
Arctic Nutrition blei i sommar det første selskapet frå Nordvestlandet som er tatt opp i Legemiddelforeningen. Det skjedde på grunn av utviklingsarbeidet selskapet er inne i for å bli eit legemiddelselskap, sa administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen då ho vitja Arctic Nutrition i august i år.

Milliardambisjonar

I dag produserer Arctic Nutrition helsekostprodukt basert på silderogn. Selskapet hadde 18,4 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 1,7 millionar kroner.
Får selskapet godkjent silderognproduktet sitt som legemiddel blir det heilt andre summar.
- Vi har ein ambisjon om at selskapet vårt skal vekse og ha ein verdi på mange milliardar kroner, sa medgründer Hogne Hallaråker då han presenterte selskapet for ein delegasjon av tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet på besøk i Ålesund i vår.



Publisert: 14.11.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28