Nytt
Armar og bein for å få laksen fram
Flyfraktkapasiteten krympar kraftig. Det stenger for transporten ut til Ocean Supreme-kundane.
16.03.2020
- Det er litt armar og bein å få fisk ut til kundane og det kjem til å bli enda vanskelegare i vekene som kjem, seier dagleg leiar og medeigar Botholf Stolt-Nielsen i eksportselskapet Ocean Supreme i Ålesund.
Gunstig valutakursar og litt auke i norsk oppdrettsproduksjon var med på løfte både salsinntekter og lønsemd i 2019 (sjå tabell) og eigarane tek ut 10 millionar kroner i utbytte.
Det er passasjerfly som først og fremst blir brukt til transporten, og etterkvart som det går færre og færre fly blir det vansklegare å få fisken fram. Samstundes stig også kostnadane med å frakte fisken med transportfly.
Stolt-Nielsen seier dei må bu seg på mindre aktivitetet og på å vri seg over mot den europeiske marknaden og marknaden for frosen fisk, for å kompensere for nedgang i flyfrakt av fersk fisk.
- Det skjer endringar frå time til time, seier Stolt-Nielsen.
Han ser også positive teikn, sjølv om lakseeksporten frå Noreg kanskje ikkje får nyte godt av dei i første omgang.
- Det som er positivt er at dei i Kina har begynt å etterspørre meir fisk, seier Stolt-Nilsen.
Gunstig valutakursar og litt auke i norsk oppdrettsproduksjon var med på løfte både salsinntekter og lønsemd i 2019 (sjå tabell) og eigarane tek ut 10 millionar kroner i utbytte.
Færre fly
75-80 prosent av fisken Ocean Supreme eksporter blir sendt med fly, først og fremst til Asia.Det er passasjerfly som først og fremst blir brukt til transporten, og etterkvart som det går færre og færre fly blir det vansklegare å få fisken fram. Samstundes stig også kostnadane med å frakte fisken med transportfly.
Stolt-Nielsen seier dei må bu seg på mindre aktivitetet og på å vri seg over mot den europeiske marknaden og marknaden for frosen fisk, for å kompensere for nedgang i flyfrakt av fersk fisk.
Auka etterspørsel
Det er vanskeleg å vite kva som blir verknaden av koronaviruset og tiltaka for å hindre smitte.- Det skjer endringar frå time til time, seier Stolt-Nielsen.
Han ser også positive teikn, sjølv om lakseeksporten frå Noreg kanskje ikkje får nyte godt av dei i første omgang.
- Det som er positivt er at dei i Kina har begynt å etterspørre meir fisk, seier Stolt-Nilsen.
Det er litt armar og bein å få fisk ut til kundane og det kjem til å bli enda vanskelegare i vekene som kjem
Publisert: 16.03.2020 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54