Arnfinn Ingjerd foto Kjetil Haanes
BLIR PENSJONIST: Arnfinn Ingjerd har vore leiar for Maritimt Forum Nordvest i 14 år. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Arnfinn Ingjerd går av

Blir pensjonist til våren. Vil sakne politikken.

12.10.2022

Etter 14 år som dagleg leiar i interesseorganisasjonen Martimt Forum Nordvest skal Arnfinn Ingjerd (67) pensjonere seg.

Han veit allereie kva han vil sakne mest, politiske stridssaker der det står mykje på spel for maritim næring, og samarbeidet med Asle Strønen i Norske Skipsverft og dagleg leiar Ivar Engan i Maritimt Forum nasjonalt.

-Då er det trøkk, det er gøy, seier Ingjerd.

Nye leiar
Ingjerd seier planen er å halde fram i stillinga til 68-årsdagen i mars neste år.

Arbeidet med å finne ein erstattar er allereie i gang.

Maritimt Forum blei skipa i 1990, har omlag 700 medlemar både frå arbeidsgivar- og arbeidstakarsida.

Publisert: 12.10.2022 11:52

Sist oppdatert: 12.10.2022 12:10