Asko haaper paa eit norsk byggjeverft
VARETRANSPORT: Asko sine to autonome skip vert 66 meter lange og 15 meter breie. Asko ønsker primært at skipa skal byggjast i Norge.
Nytt

Asko håper på eit norsk byggjeverft

Eit titals verft konkurrerer om å byggje to autonome skip, men Asko ønsker primært eit norsk verft.

01.02.2019
- Vi har invitert inn både norske og utanlandske verft, men det er klart at Asko helst ønsker at båtane blir bygde i Norge.
Det seier konsulent Hans Kristian Haram i Flowchange, eit selskap som har spesialisert seg på å utvikle grøne og effektive transportløysingar.
Eks-ålesundaren Haram seier at det er stor interesse.
- Det er mange som brenn for grøne og berekraftige transportløysingar, men det spesielle no er at vareaktørar som Asko blir reiarar, seier Haram.

Fjernar 150 daglege trailerar

Matvaredistributøren Asko vil erstatte 150 daglege trailertransportar mellom lagera i Sande i Vestfold og Vestby i Akershus med to autonome skip.
Dei to skipa skal krysse Oslofjorden mellom Holmestrand og Moss.
I prosjektet er Kongsberg, Masterly og Naval Dynamics samarbeidspartnerar med utvikling av teknisk utforming og driftsløysingar.
Haram seier at løysinga går ut på at trailertrallene med varer vert fråkopla trekkvognene, og berre trallene vert frakta over fjorden.
Dei to skipa vert 66 meter lange og 15 meter breie.
- Om bord vert det plass til 16 traller, seier Haram.

Fleire store prosjekt

Asko er dermed den andre store norske vareleverandøren som satsar på autonome skip. Også Yara satsar autonomt gjennom Yara Birkeland. Dette autonome skipet får fjerna kunstgjødseltransporten langs vegen og i staden får frakta kunstgjødsel utsleppsfritt sjøvegen mellom Yara sin fabrikk i Porsgrunn og utskipingshamnene i Brevik og Larvik.
Vard Brevik fekk dette oppdraget.
Også Samskip har på gang planar om å flytte trailertransporten mellom Polen og Oslo over på miljøvenlege skip.
- Det skjer mykje på transportsida, og det er her vi kjem inn med rådgiving og tilrettelegging, seier Haram.

Rask utvikling

Han etterlyser at endå fleire norske selskap melder seg på, ikkje minst utstyrsleverandørar.
- Utviklinga går raskt, og her har Norge mulegheit til å vere fremst med ny teknolgi på verdsbasis, men det er viktig å vere på ballen alt no. Det er no det skjer, seier Haram.
Han har sjølv bakgrunn frå reiarlaget Seatrans og skipsmeklaren Fearnleys, og leia også det statlege tiltaket Shortsea Promotion Center for å fremme sjøtransporten.
Dei to skipa til Asko skal etter planen i drift i starten av 2021.
Skipa vert batteridrivne, og styrte frå eit kontrollsenter på land.

Kontrakt til sommaren

Etter at verfta har kome med sine tilbod, vert det gått vidare med to-tre verft.
- Etter planen skal kontrakt skrivast til sommaren.
- Det vil vere hyggjeleg om norske verft viser seg å vere konkurransedyktige, og gjerne også verft på Sunnmøre, seier Hans Kristian Haram.
Det er mange som brenn for grøne og berekraftige transportløysingar

Publisert: 01.02.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30