44 millionar kroner. Det er verdsetjinga av Atlantic Sapphire etter dagens stup i aksjekursen.
Selskapet driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida og varsla nyleg at det vil hente minst 240 millionar kroner. Pengane skal sikre at selskapet kan drive inntil det klarer å få eit positivt driftsresultat før av og nedskriving i første byggesteg av anlegget.
Selskapet må ha kapital innan utgangen av månaden for å unngå å bryte lånevikåra sine.
Framlegget for å berge selskapet, som Atlantic Sapphire sende ut melding om i dag, omfattar mellom anna eit bod frå ei investorgruppe av aksjopnærar og långivarar om å kjøpe ut alle aksjonærane til 50 øre aksjen og konvertering av lån til aksjar til ein kurs på 10 øre aksjen.
Kort sagt: Dagens aksjonærar, som ikkje er med på refinansieringa, vil i beste fall blir kraftig utvatna. Det rare er at aksjkursen ikkje fall meir.
Les også
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,24 | -1,22 % |
| Atlantic Sapphire | 1,218 | -60,07 % |
| Endúr | 102,20 | -3,04 % |
| Golden Energy Offshore Services | 9,38 | 3,08 % |
| Hav Group | 9,30 | -1,27 % |
| Havila Kystruten | 49,50 | -1,00 % |
| Havila Shipping | 1,28 | 4,07 % |
| Hexagon Composites | 9,09 | -2,36 % |
| Hexagon Purus | 1,06 | -1,85 % |
| Hofseth Biocare | 1,45 | -3,01 % |
| Tinde Sparebank | 114,92 | 0,81 % |
| Salmon Evolution | 4,645 | -2,62 % |
| Sparebanken Møre | 113,50 | -1,66 % |
Publisert: 27.03.2026 17:08
Sist oppdatert: 27.03.2026 17:31






