Atlantic Sapphire anlegg oppdatert foto Atlantic Sapphire
LITE VERDT: Atlantic Sapphire sitt landbaserte lakseoppdrettsanlegg ved Miami. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Atlantic Sapphire-aksjonærane kan miste nesten alt

Melding om kortsiktig kriselån og refinansiering sende kursen ned over 60 prosent.

27.03.2026

44 millionar kroner. Det er verdsetjinga av Atlantic Sapphire etter dagens stup i aksjekursen.

Selskapet driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida og varsla nyleg at det vil hente minst 240 millionar kroner. Pengane skal sikre at selskapet kan drive inntil det klarer å få eit positivt driftsresultat før av og nedskriving i første byggesteg av anlegget. 

Selskapet må ha kapital innan utgangen av månaden for å unngå å bryte lånevikåra sine.

Framlegget for å berge selskapet, som Atlantic Sapphire sende ut melding om i dag, omfattar mellom anna eit bod frå ei investorgruppe av aksjopnærar og långivarar om å kjøpe ut alle aksjonærane til 50 øre aksjen og konvertering av lån til aksjar til ein kurs på 10 øre aksjen.

Kort sagt: Dagens aksjonærar, som ikkje er med på refinansieringa, vil i beste fall blir kraftig utvatna. Det rare er at aksjkursen ikkje fall meir.

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Bioscience

3,24

-1,22 %
Atlantic Sapphire

1,218

-60,07 %
Endúr

102,20

-3,04 %
Golden Energy Offshore Services

9,38

3,08 %
Hav Group

9,30

-1,27 %
Havila Kystruten

49,50

-1,00 %
Havila Shipping

1,28

4,07 %
Hexagon Composites

9,09

-2,36 %
Hexagon Purus

1,06

-1,85 %
Hofseth Biocare

1,45

-3,01 %
Tinde Sparebank

114,92

0,81 %
Salmon Evolution

4,645

-2,62 %
Sparebanken Møre

113,50

-1,66 %
   

Publisert: 27.03.2026 17:08

Sist oppdatert: 27.03.2026 17:31

Mer om