Jon Erik Engeset Hexagon Composites foto Ogne
VEKST: Hexagon Compositets-sjef Jon Erik Engeset legg fram eit årsrekneskap med inntektsvekst i alle datterselskap. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka inntekta, ikkje lønsemda

Betre lønsemd i 2023 spår Hexagon Composites.

16.02.2023

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, frå små berbare gassbehaldarar, via drivstofftankar til bussar og lastebilar, til store mobile tankar som forsyner anlegg og industri med gass der gassrørnettet ikkje er utbygd.

I fjor auka driftsinntektene til selskapet med 39 prosent, men underskotet før skatt auka i same takt (sjå resultattabell under artikkelen).

Tiltak for å betre lønsemda som vart sett i gang i fjor er venta å betre lønsemda gradvis i løpet av 2023, skriv konsernsjef Jon Erik Engeset i kvartalsrapporten for 4. kvartal 2022.

Les børsmelding her

Amerikansk datterselskap
Hexagon Composites har hovudkontor i Ålesund og Flakk-familien som stor aksjonær, men det klart største datterselskapet, Hexagon Agility er amerikansk og har Nord-Amerika som sin viktigaste marknad.

Hexagon Agility auka driftsinntektene frå 2,6 milliardar kroner i 2021 til 3, 5 milliardar i 2022. Driftsresultatet gjekk ned frå 139 millionar kroner i 2021 til 28 millionar kroner i fjor.

Hexagon Ragasco, med produksjon på Raufoss, lagar dei berbare gassbehaldarane nordmenn brukar i gassgrillar. Selskapet auka driftsinntektene frå 578 millionar kroner i 2021 til 706 millionar i 2022. Driftsresultatet var 60 millionar kroner i 2021 og 86 millionar i 2022.

Hydrogen trekkjer ned
Hexagon Composites eig 73,3 prosent i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.

Det er eit selskap i oppbyggingsfasen, med høge investring- og driftskostnadar i høve til inntektene.

Resultatet til Hexagon Purus blir rekna inn i rekneskapen til Hexagon Composites. Om Hexagon Purus ikkje blir rekna med hadde Hexagon Purus 4303 millionar i driftsinntekter og 105 millionar kroner i driftsresultat i 2022. Tilsvarande tal for 2021 er 3278 og 171 millionar kroner.

Hexagon Composites ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt49323543
Driftsresultat-397-154
Resultat før skatt-419-302
Hexagon Composites ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt14931187

Driftsresultat

-101-21
Resultat før skatt-133-96

Publisert: 16.02.2023 08:48

Sist oppdatert: 16.02.2023 08:49

Mer om