Auka inntektene i koronaåret
Nye kontraktar sikra inntektsvekst for Fjord1.
Inntektene frå ferjedrifta til Fjord1 steig 18 prosent i fjor, til 2881 millionar kroner.
Det er fire nye kontraktar som tok til å gjelde frå januar 2020 som er hovudårsaka til veksten; rutene Indre Sunnmøre, Rutepakke 2 Hordaland, Romsdalspakken og Nordmørspakken.
Ferjedrifta står for over 90 prosent av driftsinntektene til Fjord1 og kontraktane er slik at selskapet er skjerma mot verknaden koronaepidemien har hatt på trafikken, i følgje kvartalsrapporten til Fjord1:
Fjord1 ASA | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 3118 | 2724 |
Driftsresultat | 491 | 396 |
Resultat før skatt | 207 | 253 |
Fjord1 ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 826 | 689 |
Driftsresultat | 112 | 41 |
Resultat før skatt | 47 | -31 |
I mål
Fjord1 er nesten i mål med eit omfattande nybyggingsprogram, med investeringar på over fem milliardar kroner i nye ferjer og infrastruktur, sa konsernsjef Dagfinn Netland til NETT NO tidlegare i år.
Elektrisitet sto for omlag 40 prosent av drivstoff-forbruket ved utgangs av 2020. Fjord1 har ein avtale om sal/leige av infrastruktur på land til kommunar i samband med overgangen til elferjer, men forseinka framdrift i bygginga gjorde at fleire ferjer først går over til el-drift i år.
Det betyr mellom anna at kostnadar med elferjeutbygging som Fjord1 etter planen skulle få kompensert i fjor, først kjem i år.
Kan bli tatt av børs
Fjord1 er børsnotert, men to aksjonærar eig til saman 85 prosent av selskapet. Det er Sævik-familiens selskap Havila Holding og det amerikanske investeringsselskapet Vision Rigde Partners.
Dei har kunngjort å ville kjøpe ut resten av aksjane og dersom eit bod blir lagt fram og godtatt av mindretalseigane kan Fjord1 blir stroke frå notering på Oslo Børs, skriv selskapet.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 26.02.2021 09:07
Sist oppdatert: 02.03.2021 07:21