Aalesund Seafood driv med sal av fisk og sjømat med Kina, Portugal, England og Spania som dei viktigaste marknadane.
I fjor vart inntektene litt redusert samanlikna med rekordåret 2024 (sjå tabell under), medan overskotet auka.
I åra 2011-2020 gjekk konsernet i minus, like ofte som det gjekk i pluss. Men frå og med 2021 har lønsemda løfta seg til eit høgare nivå - og i fjor fekk den eit nytt løft.
Vekst i inntektene
Inntektene er meir enn dobla sidan 2020, då konsernet hadde 232 millionar kroner i driftsinntekt.
Ålesund-konsernet eig også 100 prosent av klippfiskprodusenten Brødr. Aarseth på Ellingsøya, som omsette for 260 millionar kroner i 2023.
Portugisiske medeigarar
Aalesund Seafood er eigd 50 prosent av portugisiske Cashide & Roaldao S.A. Grupomar og 50 prosent av Aalesund Shipping Group - med Bjørn Kåre Eikrem som største aksjonær.
Cashide & Roaldao S.A. Grupomar blei medeigar i 2015.
Aalesund Seafood As (konsern) | ||
Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 517,9 | 532,0 |
Driftsresultat | 17,6 | 12,7 |
Resultat før skatt | 15,7 | 9,8 |
Brødr. Aarseth as | ||
Tal. i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 259,7 | 225,7 |
Driftsresultat | -0,02 | 2,3 |
Resultat før skatt | 0,3 | 0,2 |
Publisert: 02.04.2025 09:37
Sist oppdatert: 02.04.2025 10:11