
Nytt
Auka omsetning - svekka margin
Måløy Havneservice auka omsetninga med 21 millionar kroner frå 2014 til 2015, men resultatet før skatt vart nesten halvert.
09.06.2016
Dette går fram av årsrekneskapen for Vågsøy-selskapet som har hovudkontor på Kulen i Måløy.
Måløy Havneservice kjøpte i fjor opp dei to selskapa Mørebunkers i Ålesund og Fosnavåg Is & Oljeservice i Fosnavåg.
No skal det satsast meir på marknadsføring og sal av smøreolje til fiskeflåten.
I tillegg til direkte levering av olje og diesel til fiskeflåten, leverer Måløy Havneservice også med eigne bilar og båt frå Stadt til Florø.
I tillegg er det vaskestasjonar ved anlegga i Måløy og Ålesund.
Totalt omsette Måløy Havneservice for 556,6 millionar kroner i 2015, opp frå 545,6 millionar kroner året før. I 2012 omsette derimot selskapet for 606 millionar kroner.
Selskapet er på lokale hender. 71,4 prosent av aksjane i Måløy Havneservice er eigd av Kvalheim & Com i regi av Harald Kvalheim og Sif Vorren Kvalheim, medan 18,55 prosent er eigd av Skibenes & Søn ved Svein og Kristian Skibenes. Selskapet Benelin ved Elin Hammersvik eig 7,82 prosent, medan resten av aksjane er fordelte mellom fem tilsette.
Totalt har selskapet no 12 tilsette.
Måløy Havneservice kjøpte i fjor opp dei to selskapa Mørebunkers i Ålesund og Fosnavåg Is & Oljeservice i Fosnavåg.
MHService
Saman vert dei tre selskapa no marknadsførde som MHService.No skal det satsast meir på marknadsføring og sal av smøreolje til fiskeflåten.
I tillegg til direkte levering av olje og diesel til fiskeflåten, leverer Måløy Havneservice også med eigne bilar og båt frå Stadt til Florø.
I tillegg er det vaskestasjonar ved anlegga i Måløy og Ålesund.
Totalt omsette Måløy Havneservice for 556,6 millionar kroner i 2015, opp frå 545,6 millionar kroner året før. I 2012 omsette derimot selskapet for 606 millionar kroner.
Gode utsikter
Styret meiner framtidsutsiktene er gode og eigenkapitalsituasjonen er tilfredsstillande, men styret minner at omsetninga vil svinge i takt med aktiviteten i fiskeflåten.Selskapet er på lokale hender. 71,4 prosent av aksjane i Måløy Havneservice er eigd av Kvalheim & Com i regi av Harald Kvalheim og Sif Vorren Kvalheim, medan 18,55 prosent er eigd av Skibenes & Søn ved Svein og Kristian Skibenes. Selskapet Benelin ved Elin Hammersvik eig 7,82 prosent, medan resten av aksjane er fordelte mellom fem tilsette.
Totalt har selskapet no 12 tilsette.
Publisert: 09.06.2016 12:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57