Stig Brautaset foto Sparebank1 Søre Sunnmøre
LITE KORONAEFFEKT: Sparebank1 Søre Sunnmøre har merka lite av koronaepidemien hos bedriftskundane sine, fortel administrerande direktør Stig Brautaset i kvartalsrapporten for 1. kvartal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka optimisme

Utlåna til næringslivet aukar og Sparebank1 Søre Sunnmøre ventar ei positiv utvikling.

12.05.2021

"Arbeidsløysa er betydeleg lågare enn same periode i 2020 og under landssnittet. Bustadprisane syner fortsatt ein låg til moderat prisvekst. Det regionale nettverket har positive utsikter og ventar oppgang i produksjon, investeringar og sysselsetting.", skriv Sparebank1 Søre Sunnmøre i kvartalsrapporten for første kvartal 2021.

Les børsmelding her

Utlån til næringslivet har auka med 8,3 prosent i siste 12-månadersperiode, mot 1,3 prosent i førre 12. månadersperiode. Medrekna utlån til private, som veg tyngst i utlånsporteføljen til banken, har utlåna auka med 9,2 prosent siste 12-månadersperiode.

Bur seg på offshoretap
Trass i betre utsikter er det framleis uvisse om konsekvensane av koronaepidemien. Det gjer at banken vel å gjere ei generell tapsavsetting mot offshorebransjen på 5,15
millionar kroner i 1. kvartal 2021. Samtstundes viderefører banken avsetning mot moglege tap frå utlån til offshorebransjen som den hadde frå før.

Den generelle tapsavsettinga er 14 millionar kroner ved utgangen av kvartalet.

Betre lønsemd
Administrerande direktør Stig Brautaset er nøgd med 1. kvartalsresultatet.

- Resultatframgangen skuldast primært god vekst på lån og innskot, auke i provisjonsinntekter og solid avkastning på finansielle eignelutar, seier Brautaset i ei pressemelding.

Sparebank1 Søre Sunnmøre
1. kvartal. I mill. kroner20212020

Inntekter

76,679,4
Resultat før tap44,343,3

Resultat før skatt

42,037,7

Publisert: 12.05.2021 15:30

Sist oppdatert: 12.05.2021 17:17