Aktiv Trening Ulsteinvik foto Marius Rosbach 11
NYTT TOPPÅR: Omsetning og lønnsemd nådde nye høgder for Aktiv Trening-konsernet i fjor. Kjeda har ein rekke senter på Sunnmøre, mellom anna i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Auka overskotet i nytt rekordår

Ei av landets mest lønnsame treningskjeder fekk endå større overskot i fjor.

Marius Rosbach
23.08.2023

Aktiv Trening-konsernet leverte nok eit rekordår i fjor i kjølvatnet av koronapandemien.

David Andersen frå Tjørvåg har bygd opp Aktiv Trening-kjeda sidan midten av 1990-talet. No teller kjeda 20 eigne sentre og eitt franchisesenter - som strekk seg frå Arendal til Molde – med hovudvekt på Sunnmøre.

Ny rekordomsetning
Hovudselskapet i treningssenterkjeda omsette for meir enn 54 millionar kroner i 2022 – eit hopp frå om lag 46 millionar år før, ifølgje årsmeldinga som no er offentleg.

Veksten dei siste åra har vore drive av at fleire senter har kome til.

Inntektene i år kan auka endå meir ettersom selskapa Puls’n As og Iformnå As er planlagt innfusjonert i løpet av 2023.

Resultatmargin på drygt 20 prosent
Lønnsemda som allereie i koronaåret 2021 var svært god – vart endå betre i 2022 med eit resultat før skatt på drygt 11 millionar kroner (sjå tabell under).

Det gir en driftsmargin på meir enn 20 prosent – noko som er svært sjeldan i bransjen.

– Vi er vel mellom dei få i landet som får til ei slik lønnsemd i dag. Det gjer at vi også får nokre førespurnader om ulike prosjekt, fortalde Andersen til NETT NO i fjor.

NETT NO fekk ikkje kontakt med Andersen onsdag for ein kommentar til 2022-talla.

Aktiv Trening As
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
54,1
46,1
Driftsresultat
11,6
6,7
Resultat før skatt
11,7

5,7

Mange deltidstilsette
Aktiv Trening-selskapet sysselsette 21 årsverk i fjor, ifølgje årsmelding. Talet på tilsette er likevel langt høgare ettersom dei fleste jobbar deltid.

Selskapet er eigd av David Andersen sitt heileigde selskap Styrke Holding. Eigenkapitalen var på drygt 9,2 millionar ved utløpet av 2022, og selskapet hadde då langsiktig gjeld på drygt 860.000 kroner.

Konsernet inneheld også eigedomsselskap og aktivitetsparken Epic Digernes – som ikkje har lagt fram sitt rekneskap enno.

Publisert: 23.08.2023 13:32

Sist oppdatert: 23.08.2023 22:09

Mer om