Auka salet med 385 millionar
Solide rekordar og stort utbyte for Norwegian Seafood Company.
Ålesund-selskapet Norwegian Seafood Company vart starta av dagleg leiar Leif Birger Midtgård i 1993.
I fjor vart det sett nye solide rekordar både i inntening og resultat. Omsetninga kom opp i 1173 millionar kroner, 385 millionar meir enn året før.
Dette var første gongen det vart seld sjømatprodukt for over ein milliard kroner.
15 millionar i utbyte
Resultatet før skatt vart også rekordstort, og Midtgård, som eig 60 prosent, og Johnny André Lexau, som eig 40 prosent, kan fordele eit utbyte på 15 millionar.
Selskapet sysselsette i fjor ni årsverk, og har ein samla eigenkapital på 80,9 millionar kroner.
Norwegian Seafood Company sel ei lang rekke sjømatprodukt, inkludert sjøfrosen kvitfisk, saltfisk og klippfisk.
Mykje av fisken vert innkjøpt på auksjon, ein del også ferdig pakka for vidaresal.
Størst vekst i Kina
Selskapet hadde vekst i dei fleste marknader i fjor. Norge auka frå 205 til 246 millionar, Kina frå 252 til 444 millionar, Storbritannia frå 74 til 105 millionar, Canada frå fem til 71 millionar, og Polen frå 61 til 69 millionar.
Norwegian Seafood Company | ||||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | ||
Driftsinntekter | 1173,5 | 788 | ||
Driftsresultat | 40,8 | 24,6 | ||
Resultat før skatt | 33,7 | 23,7 |
Publisert: 22.05.2023 10:00
Sist oppdatert: 22.05.2023 10:14