Hausten 2017 bestemte Sparebanken Møre å endre utbyttepolitikken frå å betale ut mellom 40 og 50 prosent av overskotet til å betale ut "omlag 50 prosent". Den endringa, saman med eit godt resultat i 2019, er grunnen til at styret i banken foreslår at grunnfondsbeviseigarane får utbetalt til saman 173 millionar kroner.
Framlegget betyr eit utbytte pr. grunnfondsbevis på 17,50 kroner.
Utbyttet til grunnfondsbeviseigarane betyr at ein tilsvarande andel - 176 millionar kroner - blir sett av til samfunnsutbytte.
Det er pengar banken brukar til å støtte kultur, idrett, nærmiljø, infrastruktur, kompetanse og næringsutvikling.
Nest størst, med 8,41 prosent, er selskapet Cape Invest. Det er eigd av Pedersenfamilien i Ålesund, Anders, Anita, Christin og Amund Pedersen, som kan sjå fram til 14,5 millionar utbyttekroner.
Familieselskapa til Lars (Wenaasgruppen) og Nils Wenaas (Wenaas Kapital) eig høvesvis 3,84 og 2,53 prosent av grunnfondsbevisa.
Frå slutten av januar 2016 har kursen på grunnfondsbevisa stige i rykk og napp, frå 172 kroner pr. grunnfondsbevis. Den førebelse toppen vart nådd i mai i år, med kurs 329 kroner.
Då børsen stengte i går ettermiddag var grunnfondsbevisa i Sparebanken Møre handla til 328 kroner.
Framlegget betyr eit utbytte pr. grunnfondsbevis på 17,50 kroner.
Samfunnsutbytte
Grunnfondbeviseigarane i Sparebanken Møre eig 49,3 prosent av banken. Resten er sjølveigd, slik sparebankane opphavleg var.Utbyttet til grunnfondsbeviseigarane betyr at ein tilsvarande andel - 176 millionar kroner - blir sett av til samfunnsutbytte.
Det er pengar banken brukar til å støtte kultur, idrett, nærmiljø, infrastruktur, kompetanse og næringsutvikling.
Sparebank størst
Sparebankstiftelsen Tingvoll er største grunnfondsbeviseigar, med 977.100 grunnfondsbevis, tilsvarande 9,88 prosent eigarandel.Nest størst, med 8,41 prosent, er selskapet Cape Invest. Det er eigd av Pedersenfamilien i Ålesund, Anders, Anita, Christin og Amund Pedersen, som kan sjå fram til 14,5 millionar utbyttekroner.
Familieselskapa til Lars (Wenaasgruppen) og Nils Wenaas (Wenaas Kapital) eig høvesvis 3,84 og 2,53 prosent av grunnfondsbevisa.
Kurstigning
Det er ikkje berre auka utbytte grunnfondsbeviseigarane kan gle seg over.Frå slutten av januar 2016 har kursen på grunnfondsbevisa stige i rykk og napp, frå 172 kroner pr. grunnfondsbevis. Den førebelse toppen vart nådd i mai i år, med kurs 329 kroner.
Då børsen stengte i går ettermiddag var grunnfondsbevisa i Sparebanken Møre handla til 328 kroner.
Publisert: 30.01.2020 08:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






