Det er samarbeidsgrupperinga Acciona Construction S.A og Bertelsen og Garpestad som har trekt seg frå å konkurrere om skipstunnelbygginga, skriv Anlegg.no.
Det er denne spansk/norske grupperinga Aurstad Tunnel hadde satsa på for å få oppdrag knytt til tunnelbygginga.
– Vi hadde ein plan i lag med dei. Og når dei no har trekt seg er ikkje den planen der lenger, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg i Aurstad Tunnel.
Om Aurstad Tunnel likevel kan få oppdrag knytt til tunnelbygginga er for tidleg å svare på, ifølgje Tverberg.
Tre konkurrentar att
Med Acciona Construction S.A og Bertelsen og Garpestad ute er det att tre konkurrentar om tunnellbyggeoppdraget:
- Arbeidsfellesskapet: Skanska Norge AS og Vassbakk og Stol AS (Noreg)
- AF Gruppen Norge AS (Noreg)
- Eiffage Genie Civil (Frankrike)
Opphavleg hadde også to kinesiske grupperingar meldt seg på, men dei vart sjalta ut av konkurransen i februar i år.
Byggestart neste år
Kystverket har tidlegare i år sagt at målet er byggestart neste år.
Håpet å bli ferdig ned utsiling av konkurrentane slik at det kan bli kontraktsignering i haust.
Publisert: 31.03.2025 13:38
Sist oppdatert: 31.03.2025 14:27