Enterprenørselskapet Aurstad Tunnel i Ørsta har ein avtale med ein av dei seks enterprenørgruppene som har gitt bod på å få bygge Stad skipstrunnel.
Det fortel dagleg leiar Jo-Stian Tverberg til Nett No.
Han vil ikkje seie kven som er avtalepartnaren, ut over at det ikkje er ein av dei to kinesiske entreprenørgruppene.
– Vi har ein intensjon om å vere ein del av dette, seier Tverberg om oppdraget med skipstunnelen.
Les også
Snart klart med første utveljing
Prosjektleiar Harald Inge Johnsen for Stad skipstunnel opplyste til Nett No at den første utsilinga av kandidatar til oppdraget kunne vere klar allereie denne veka.
Torsdag kom nyheita om at fire av seks grupperingar gjekk vidare. Begge dei to kinesiske arbeidsselskapa er ute av konkurransen.
Målet er kontraktsignering i haust og byggestart tidleg i 2026.
- Saka er oppdatert etter det blei klart kven grupperingar som er vidare i konkurransen.
Kan samarbeide med andre
Aurstad Tunnel er spesialistar på tunnelarbeid, og satsar på å vere underleverandør for samarbeidspartnaren sin.
Per i dag er Ørsta-selskapet det einaste entreprenørselskapet frå regionen som er avtalepartnar med ein av dei seks tilbydarane etter det Kystverket kjenner til.
Om Aurstad Tunnel sin avtalepartnar ikkje får oppdraget, står Aurstad Tunnel fritt til å ta på seg oppdrag for vinnaren, noko selskapet i så fall vil satse på, seier Tverberg.
Desse seks vil bygge tunnelen
- Arbeidsfellesskap: Skanska Norge AS og Vassbakk og Stol AS (Norge)
- AF Gruppen Norge AS (Norge)
- Eiffage Genie Civil (Frankrike)
- Arbeidsfellesskap: Acciona Construccion S.A og Bertelsen og Garpestad AS (Spania / Norge)
- Arbeidsfellesskap: PowerChina International Group Limited, Sichuan Road and Brigde Corporation Ltd., Sinohydro bureau 7. Ltd, PowerChina Huadong Engineering (Kina)
- Arbeidsfellesskap: China Road and Brigde Corporation, CCCC Second Highway Engineering Co. Ltd., CCCC Highway Consultants Co. Ltd (Kina)
Oppe i 140 tilsette
Etter konkursen i K. A. Aurstad i 2018 har Aurstad-konsernet gradvis bygd seg opp att. Aurstad Tunnel er det viktigaste datterselskapet i konsernet.
No har dei omlag 130 tilsette og er på veg mot 140, seier Tverberg. Det er det høgaste talet på tilsette sidan konkursen.
Konsernet har nyleg opna kontor i Bodø for å stå sterkare i konkurransen om oppdrag i Nord-Noreg.
Aurstad Tunnel har mellom anna jobben med å oppgradere Selvågtunnellen, som ligg mellom Eiksund og Haddal i Ultstein kommune.
Publisert: 21.02.2025 12:33
Sist oppdatert: 28.02.2025 09:20