Aurstad raadgivarar doemt til erstatning
FORLIK: Etter forlik om maskinparken kunne Aurstadkonsernet og starte ny drift. Bustyrar Håvard Wiker (t.h.) og administrerande direktør Jo Stian Tverberg fekk forliket på plass 22. desember i 2018.
Nytt

Aurstad-rådgivarar dømt til erstatning

Advokatfirmaet DLA Piper er dømt til å betale 8,6 millionar kroner etter råd selskapet gav før K.A. Aurstad-konkursen. Dommen er anka.

18.08.2020
Striden gjeld salet av maskinparken til entreprenørselskapet K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige i oktober 2018, før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018.
Prisen for maskinparken var 20 millionar kroner.
Bustyrar Håvard Wiker ville ikkje godkjenne salet, og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for maskiner og utstyr som var kjøpt. Bustyret melde seinare salet til Økokrim, som framleis etterforskar saka.

Usemja mellom bustyret og Aurstad Maskinutleige enda med eit forlik 22. desember 2018. I forliket vart verdien av maskinene sett til 40 millionar kroner, og Aurstad Maskinutleige fekk behalde maskiner for 9,5 millionar kroner.

Saksøkte rådgivar

Då det vart kjent at selskapet salet av maskinparken var politianmeldt sa administrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstadkonsernet at selskapet hadde gjennomført ein open prosess og fekk både ei ekstern verdivurdering og hadde omfattande juridisk og økonomisk rådgiving.
Den rådgivinga sto DLA Piper for, og det er konsekvensen av å følgje dei råda som Aurstad Maskinutleigde kravde erstatning for.

Rådgivaren har ansvaret

I følgje dommen frå Oslo Tingrett har rådgivaren ansvaret for det økonomiske tapet til Aurstad Maskinutleige. Det var råda frå DLA Piper som gjorde at handelen blei gjennomført:
"det er årsakssammenheng mellom den mangelfulle rådgivningen og det økonomiske tapet. Etter bevisførselen – og da særlig forklaringene til Tverberg og Aurstad – mener retten at det er sannsynliggjort at transaksjonen ikke ville blitt gjennomført dersom advokatene orienterte rettsvernsproblematikken. Det fremstår som usannsynlig at AM ville risikert – med full innsikt i KAAs økonomi – å kjøpe en maskinpark for 20 000 000 kroner som boet ved en konkurs kunne ta beslag i og at kjøpesummen ville bli ansett som en usikret fordring uten utsikt til dekning. Det er da mer sannsynlig at KAA ville meldt oppbud tidligere enn at eierne tilførte likviditet til AM for å gjennomføre transaksjonen." , heiter det i dommen.
– Vi er uenig rettens vurdering, og dommen er anket, seier DLA Piper sin prosessfullmektig, Sven Eriksrud,
Camilla Gjørtz og Johannes Arve Aspehaug frå Øverbø Gjørtz førte saka for Aurstad Maskinutleige.

Over 200 tilsette

Ved konkursopninga hadde K. A. Aurstad 213 tilsette og var hovudselskapet i Aurstad-konsernet.
Etter konkursen har konsernet drive vidare - men i mindre skala - gjennom Aurstad Maskinutleige og driftselskapet Aurstad Tunell. I fjor hadde konsernet 230 millionar kroner i driftsinntekter og fekk eit resultat før skatt på 5,8 millionar kroner.

I dag har selskapet omlag 80 tilsette og alle er i arbeid.
- Vi har bra med arbeid framover, seier Tverberg.

Publisert: 18.08.2020 15:30

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:10

Mer om