Avventar innfoering av 1 2 rotasjon
OPPLAG: Tre PSV-ar frå Island Offshore i opplag i Ulsteinvik, men Island Offshore er eitt av selskapa som ikkje vurderer innføring av 1:2-rotasjon.
Nytt

Avventar innføring av 1:2-rotasjon

Eidesvik har gjort det og Siem Offshore vurderer det, men så langt avventar reiarlaga i nordvest innføring av 1:2-rotasjon.

10.11.2015
- Vi har drøfta dette med våre tillitsvalde, men har ikkje vald den løysinga, seier adm. dir. Stig Remøy i Olympic Shipping.
- Dette er ikkje aktuelt slik situasjonen er no, seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping.
- Det har vore diskutert, men vi har ikkje båtar dette er aktuelt for, seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore.
- Nei, dette har vi ikkje vurdert, seier adm. dir. Åge Remøy i Rem Offshore.
- Nei, vi er ikkje på dette stillet her no, seier adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore.

Tre deler på to jobbar

Eidesvik Offshore har alt innført 1.2-rotasjon for dei tilsette på fire av sine fartøy. Ordninga medfører at tre tilsette deler på den jobben som to tilsette tidlegare utførde. Dermed vert det ein månad på for kvar av dei tre, og to månader heime.
Ordninga medfører samstundes at dei tilsette får redusert løna med rundt 27 %, men gevinsten er at færre vert permitterte og reierlaga får behalde viktig kompetanse gjennom nedgangstida.
I Eidesvik vart ordninga innført etter avrøysting mellom dei tilsette, der det vart stort fleirtal for å seie ja til ei prøveordning i eitt år.
Les meir om saka på

Fryktar for kompetansen

Ifølgje Maritime.no er leiinga i Siem Offshore optimistiske for å få innført ei tilsvarande ordning der.
Bakgrunnen er at ein fryktar at verdifull kompetanse skal gå tapt etter at mange skip er lagde i opplag og mange sjøfolk permitterte.
.
Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore deler bekymringa for kompetansekutt.
- Saka er at vi ikkje har aktuelle båtar for ei slik ordning. Dei tre skipa vi har i Nordsjøen opererer på britisk og dansk side, seier han.

Omrokkeringar

Nyleg flagga selskapet om to skip. Dette kan bety at fleire norske sjøfolk mister arbeidet.
- Vi ser no på omrokkering av mannskap og andre løysingar for å behalde viktig kompetanse, seier han.
Njål Sævik avviser ikkje at det kan verte aktuelt å diskutere 1:2-rotasjon.
- Vi må alle kutte kostnader, og dette er ein måte å gjere det på, dersom ein har skip som er aktuelle for ei slik ordning.
Han seier at det ikkje er aktuelt å leggje fleire skip i opplag no.
- Nei, ikkje slik det ser ut no.
Vi ser no på omrokkering av mannskap og andre løysingar for å behalde viktig kompetanse

Publisert: 10.11.2015 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49