Avviklar Brevik verft og flyttar prestisjeskip
SJØLVSTYRT: Yara Birkeland skal vere det første kommersielle sjølvstyrte skipet i verda, og erstatte kring 40.000 turar med vogntog årleg. 
Nytt

Avviklar Brevik-verft og flyttar prestisjeskip

Vard seier opp Brevik-tilsette - Brattvåg-verftet skal bygge ferdig skipet omtala som «Tesla of the seas».

Marius Rosbach
13.12.2019
Verftskonsernet har vore gjennom tøffe økonomiske år og tidlegare i år.
På ein pressebrief torsdag orienterte leiinga om at nesten alle dei 93 tilsette ved verftet i Telemark blir sagt opp. Det betyr at ferdigstillinga av skipet Yara Birkeland blir flytta til Brattvåg, ifølgje

«Tesla of the seas»

Yara Birkeland skal frakte gjødsel fra Yaras fabrikk på Herøya ved Porsgrunn til utskipingsterminalene i Brevik og Larvik. Slik slkal ein flytte transport tilsvarande 40.000 turar med vogntog som i dag køyrer landevegen, til sjøen.
Det sjølvstyrte skipet, som i utanlandske medium har blitt omtalt som «Tesla of the seas», er designa av Herøy-selskapet Marin Teknikk. Også Kongsberg er tungt involvert på teknologisida.
Vard sikra seg bygginga av skipet i fjor. Kontraktsverdien skal vere på 250 millionar kroner. Skroget blei bygd i Romania og skulle etter planen gjerast ferdig ved Brevik. Dei planane er no altså endra. I staden blir skipet levert frå Brattvåg-verftet i Haram.
Tidlegare er det opplyst at skipet skal sjøsettast i 2020, og vere i sjølvstyrt drift innan 2022.

Les også:


Går framleis med tap

Nær 100 tilsette i Brevik blir sagt opp og verftet blir lagt ut for sal, ifølgje . Verftskonsernet er også i ferd med å avvikle drifta ved Aukra-verftet, der kring 80 tilsette nyleg fekk oppseiingane sine.
Vard er det største verftselskapet i Norge, med verft i Søvika, Brattvåg, Tomrefjord og Aukra på Nordvestlandet - i tillegg til verft i Romania, Vietnam og Brasil. Etter at det italienske storkonsernet Fincantieri i fjor fekk full kontroll selskapet og tok Vard av børs, er konsernet omorganisert.
for Fincantieri, viste nye tap i marknaden for mindre fiskebåtar og arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa på 190 millionar. Også cruiseskipa som blir bygd hos Vard, gir tap - men dei tapa blei ikke talfesta.

Les også:


Publisert: 13.12.2019 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47