Forsvarar Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum foto Ogne
FORSVARAR: Vegard Aaløkken og Jan Erik Teigum er Cato Aurstad sine forsvarar i rettsak mot han. Både dei og Aurstad avviser at det omstridde maskinsalet før konkursen skjedde til underpris.: Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Avviser planlagt konkurs

Cato Aurstad måtte tørke tårene då han forklarte seg om konkursen i K.A. Aurstad.

14.04.2021

- For oss å gå konkurs - og at vi gjekk 10 år tilbake i tid - det var katastrofe, sa Cato Aurstad i si forklaring i andre dag i rettsaka mot han.

Økokrim har tiltalt Aurstad for å vere ansvarleg for sal av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A.Aurstad til underpris eit par månader før konkursen i K.A.Aurstad 6. desember 2018. Salet vart gjort til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige. Det var eit sal som gjekk ut over kreditorane, ifølgje tiltalen.

K.A. Aurstad hadde over 200 tilsette ved konkursen. Cato Aurstad er hovudaksjonær i Aurstad-konsernet, der K.A. Aurstad var største selskap fram til konkursen.

Avviser styrt konkurs
Aurstad var tydeleg skaka då han kommenterte motiva for konkursen.

- At vi styrte mot ein konkurs er heilt urimeleg å antyde, sa han.

I forklaringa si sa han at styret i K.A. Aurstad vurderte det slik at K.A.Aurstad hadde ein reell positiv eigenkapital før konkursen, sjølv om den bokførte eigenkapitalen var negativ. Grunnen var uteståande fordringar og skjulte verdiar i maskinparken. Det var vurderingar selskapet og burevisor var usamde om, ifølgje Aurstad si forklaring.

Heilt fram til DNB kvelden 3. desember 2018 varsla at banken sa opp låneavtalen med K.A. Aurstad arbeidde selskapet for å kunne sikre vidare drift, ifølgje Aurstad si forklaring.

Sett tilbake
Det var viktig for å halde K.A. Aurstad gåande fordi ein konkurs ville sette Aurstad-konsernet 10 år tilbake i tid, ifølgje Aurstad si forklaring.

Utan K.A. Aurstad ville konsernet ikkje kunne konkurrere om like store oppdrag, og også få reduserte sjansar til å vere hovudentreprenør.

Publisert: 14.04.2021 10:31

Sist oppdatert: 14.04.2021 10:31

Mer om