Aurstad Gudbrandsdalen 2
STORT SPRANG: K.A.Aurstad var ein av hovudentreprenørane som bygde ny E6 sør for Otta, men greidde ikkje skaffe nok store oppdrag etterpå. Det vart starten på ein motgangsperiode som enda med konkurs. Foto: Kjetil Haanes.
Nytt

Hadde bod på 150 millionar

I 2016 hadde Cato Aurstad eit bod på 150 millionar kroner på entreprenørselskapet han var majoritetseigar av. Han takka nei.

13.04.2021

Aurstad fortalde om bodet i si forklaring i straffesaka mot han, som starta i dag.

Det var AF Gruppa som kom med bodet, følgje Aurstad si forklaring, men han ville ikkje selje.

- Det kan eg vel angre på no, sa Aurstad i vitneboksen.

Tiltalt etter maskinsal
Økokrim meiner Aurstad er ansvarleg for eit sal av maskinparken til underpris frå K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige hausten 2018, før konkursen i K.A. Aurstad 6. desember 2018.

Den tiltalen er Cato Aurstad ikkje samd i. Poenget med transaksjonen var å få inn pengar som kunne berge K.A. Aurstad, og sikre vidare drift. Dessutan måtte K.A. Aurstad kunne leige utstyret tilbake, for å kunne fullføre dei oppdraga selskap hadde.

I tillegg hadde K.A. Aurstad i realiteten berre ti dagar på seg for å få salet på plass, ifølgje Aurstad si forklaring.

- Eg kjenner meg ikkje att i tiltalen. Viss eg har vore i tvil så har eg søkt råd. Eg trur du finn ingen byggherrar som seier at eg har prøvd å lure dei, sa Aurstad.

Ikkje insolvens eller underpris
Før Aurstad sin forklaring kom hans forsvarar, Vegard Aaløkken med sin innleiande gjennomgang av saka, etter at aktor hadde fullført sitt innleiing.

Det er korkje snakk om at K.A. Aurstad var insolvent (ikkje betalingsdyktig og med negative verdi, red. merk) lenge før konkurstidspunktet eller at salet av maskinparken vart gjort til underpris, sa Aaløkken i sitt innlegg.

Transaksjonen var forsvarleg og kommersielt motivert, sa Aaløkken.

Rett nok var likviditeten i selskapet pressa, men selskapet hadde ingen betalingsanmerkningar, korkje då det var vedteke å selje maskinparken frå K.A. Aurstad til søsterselskape Aurstad Maskinutleige, eller ved konkursen.

Økokrim og bustyret har også undervurdert dei uteståande krava K.A. Aurstad hadde før konkursen, sa Aaløkken.

Epler og pærer
Aaløkken avviste også ei samanlikning mellom det Aurstad Maskinutleige betalte ( 20 millionar kroner) og det som bustyret fekk inn for maskinparken (omlag 50 millionar kroner).

Det er å samanlikna epler og pærer, etter Aaløkken si vurdering.

Det er skilnad på å selje under tidspress, som K.A.Aurstad hadde, og å kunne selje i ro og mak, utan risiko slik bustyret kunne, argumenterte Aaløkken.

Publisert: 13.04.2021 16:12

Sist oppdatert: 14.04.2021 08:55

Mer om