Island innovator
ULSTEIN-EIGD: Ulstein-familien er storeigarar i selskapet Island Drilling Company, som har boreriggen Island Innovator. Foto: Island Drilling Company
Nytt

Avviste søksmål mot riggselskap

Frakteselskap har råke uklare med Island Drilling Company - som også har fått kansellert riggavtale.

Marius Rosbach
13.03.2024

Møre og Romsdal tingrett har avvist eit søksmål Pentagon Freight Services anla mot Island Drilling Company.

Ifølgje rettspapira tok frakteselskapet ut søksmål mot riggselskapet i slutten av januar med krav om oppgjer etter avtale.

Blei vist til voldgiftsdomstol
Island Drilling Company meinte søksmålet måtte avvisast, fordi avtalen slår fast at tvistar skal avgjerast ved voldgift. Saksøkar godtok dette, saman med eit krav om å betale sakskostnadene til boreriggselskapet på 13.500 kroner.

Det går ikkje fram kva striden står om, og kor stort beløp tvisten gjeld. At saka blir behandla etter voldgiftslova, betyr mellom anna at saka kan gå for lukka dører.

Dagleg leiar Lars Reidar Grimestad Pentagon Freight Services opplyser at dei ikkje vil kommentere ein pågåande rettsprosess, og Island Drilling-sjef Roger Simmenes har ikkje svara på NETT NO sine spørsmål om saka.

Vil kansellere riggkontrakt
Borgstein-konsernet eigd av Ulstein-familien er storeigar i Island Drilling Company, saman med Trond Mohn og den amerikanske Chouest-familien.

I februar fekk selskapet beskjed om at Trident Energy og Panero Energy hadde sendt varsel om terminering av kontrakten til riggen Island Innovator.

Bakgrunnen var at dei meinte rigger ikkje var i driftsmessig stand til å bore brønnar på ein sikker måte.

Det vart avvist av Island Drilling som ville gjere ei juridisk vurdering av kanselleringa. Den er ikkje kome – og Island Drilling-sjef Roger Simmenes har heller ikkje svara NETT NO på spørsmål om dette.

Publisert: 13.03.2024 09:56

Sist oppdatert: 13.03.2024 09:56

Mer om