Axxis Ronny Bøhn
GJELDSFORHANDLINGAR: Å lukkast med gjeldsforhandlingane er no den viktigaste oppgåva for administrerande direktør Ronny Bøhn i Axxis Geo Solutions.
Nytt

Null seismikkaktivitet i Axxis Geo Solutions

Den viktigaste aktiviteten i selskapet foregår no i rettsapparatet.

24.02.2021

Seismikkskipet Neptun Naiad ligg i varmt opplag og skipa som var leigd av Havila Shipping er leverte tilbake.

I fjerde kvartal i 2020 var inntektene i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions praktisk talt null (sjå tabell).

For 2021/2022 registrerer selskapet ein auke i forespørslar om mogleg oppdrag og meir positve marknadsutsikter, skriv administrerande direktør Ronny Bøhn i kvartalrapporten for 4. kvartal 2020.

Gjeldsforhandlingar

Axxis Geo Solutions mislukkast tidlegare i år med å få alle partar med på styret sitt framlegg til refinansiering av selskapet.


Axxis Geo Solutions ASA
Tal i mill. dollar20202019
Driftsinntekter92,870,7
Driftsresultat5,8-35,9
Resultat før skatt4,0-41,9
Axxis Geo Solutions ASA
4. kvartal. I mill. dollar20202019
Driftsinntekter0,013,9
Driftsresultat-8,6-44,6
Resultat før skatt-11,3-47,7

Ei gruppe investorar ville gå inn med ny kapital på vilkår av at ein stor dela av gjelda blei sletta. Dagens eigarar, der Havila Holding er størst med 26 prosent, ville blitt sittande med under ein prosent eigarskap med denne løysinga.

Ein investor, som hadde kjøpt seg opp i eit obligasjonslån, sette seg mot styret sitt framlegg.

Konsekvensen blei at Axxis Geo Solutions gjekk til retten og ba om offentlege gjeldsforhandlingar, som vil verne selskapet mot konkurs i forhandlingsperioden.

Publisert: 24.02.2021 07:32

Sist oppdatert: 16.03.2021 19:59