Oslo børs
FALL: Hovidindeksen på Oslo Børs fall 1,39 prosent i dag.
Nytt

Børsdagen: Opptur for Hexagon Composites

Høgaste kurs sidan våren 2021.

18.08.2023

I slutten av juni år år vart aksjar i Hexagon Composites handla til under 20 kroner aksjen. I dag var kursen 31,08 kroner. Høgare har ikkje kursen vore sidan mai 2021.

Hexagon Composites har tidlegare i sommar redusert sin eigarandel i Hexagon Purus til under 50 prosent. Det gjer at Hexagon Purus-tala ikkje blir konsolidert inn i Hexagon Composites, som gjer Hexagon Composites-rekneskapen lettare å lese.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.

Hexagon Purus - som var ein del av Hexagon Composites før det vart skilt ut og børsnotert - gjer det same for hydrogen. I tillegg lagar Hexagon Purus batteripakkar og - system.

Børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites 31,08 3,88 %
Arctic Bioscience 9,74 1,46 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,99 1,36 %
Norva 24 Group* 24,90 1,22 %
Hav Group 10,00 1,01 %
Endúr 40,00 0,76 %
Hofseth Biocare 3,04 0,00 %
Salmon Evolution 6,63 -0,30 %
Sparebanken Møre 76,05 -0,45 %
Nortel 27,00 -1,46 %
Havila Kystruten 1,17 -2,09 %
Hexagon Purus 18,32 -2,14 %
Golden Energy Offshore Services 1,11 -2,46 %
Havila Shipping 11,10 -2,80 %
Atlantic Sapphire 4,62 -4,84 %
Statt Torsk 0,49 -14,81 %
* Kurs i SEK

Publisert: 18.08.2023 17:41

Sist oppdatert: 18.08.2023 17:41