Jon Erik Engeset Hexagon foto Ogne
KLARARE BILETE: Det er lettare å lese kvartalsrapportane Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset legg fram etter at selskapet gitt frå seg den dominerande eigarandelen i Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: I pluss uten hydrogen

Kurshopp for Hexagon Composites - men torskeoppdrett var dagens soleklare vinnar frå nordvest.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Statt Torsk-aksjen var torsdagens store vinnar på Oslo børs med ein oppgang på drygt 100 prosent.

Bakgrunnen er at torskeoppdrettarane etter børsen stengte onsdag melde at selskapet inngått ein intensjonsavtale med Vesterålen Havbruk.

Kva avtalen endar med er ikkje klart, men utfallet kan bli at Statt Torsk-aksjonærane får aksjar i Vesterålen Havbruk, som dermed slukar Statt Torsk. I såfall blir Statt Torsk tatt av børs. Vesterålen Havbruk er ikkje børsnotert.

Intensjonsavtalen verdset Statt Torsk til 255 millionar og verdien av Vesterålen Havbruk til 610 millionar kroner. Den verdien tilsvarar ei aksjekurs på 1,20 kroner for Statt Torsk,

Sluttkursen torsdag vart på 0,57 kroner, som er på nivået med kursen tidlegare i sommar. Dei siste to vekene har kursen peika bratt nedover etter at selskapet melde om problem med auka dødlegheit og lågare pris enn venta for torsken.

(saka held fram under)

Hexagon Composites la i torsdag fram sitt første rekneskap etter at selskapet har gitt frå seg det dominerande eigarskapet i Hexagon Purus.

Aksjespekulantane likte det dei såg. Då børsen opna steig kursen 7,1 prosent, før den gjekk litt tilbake mot slutten av dagen.

Kursen enda opp 5,8 prosent til 29,92 kroner aksjen.

Les børsmelding her

Etter at Hexagon Composites bestemte seg for å dele ut mange av aksjane eigde i Hexagon Purus som utbytte til aksjonærane sine er eigarandelen redusert frå 68,39 prosent til omlag 43 prosent. Dermed blir ikkje Hexagon Purus sine store underskot konsolidert inn i Hexagon Composites lenger, og det blir lettare å vurderer korleis Hexagon Composites gjer det.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.

Hexagon Purus - som var ein del av Hexagon Composites før det vart skilt ut og børsnotert - gjer det same for hydrogen. I tillegg lagar Hexagon Purus batteripakkar og - system.

Medan Hexagon Composites arbeider i ein etablert marknad, driv Hexagon Purus i ein marknad som er ny og under oppbygging, og der utviklinga mellom anna er avhengig av at styresmaktene stiller opp med regelverk, stimuleringstiltak og eventuelt støtte for å utvikle marknaden, spesielt når det gjeld bruk av hydrogen.

I kvartalsrapporten for 2. kvartal har Hexagon Composites rekna om korleis 2022-tala til selskapet ville sett ut om Hexagon Purus hadde redusert eigarandelen sin i Hexagon Purus allereie frå starten av 2022. Då hadde Hexagon Purus hatt eit resultat før skatt på pluss 24 millionar kroner i staden for minus 417 i fjor.

Hydrogen er lett, men tyngde mykje i Hexagon Composites-rekneskapen.

Hexagon Composites ASA
1. halvår. Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt2497,61946,7
Driftsresultat103,962,4
Resultat før skatt37,333,9
Hexagon Composites ASA
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt1367,71034,0
Driftsresultat82,833,1
Resultat før skatt59,415,7

Salmon Evolution leverte også kvartalstal tidleg torsdag, som ikkje imponerte investorane nemneverdig. Aksjekursen sank 4,18 prosent til 6,65 kroner og selskapet vart dagens børstapar frå Nordvestlandet.

Hovudindeksen på Oslo børs enda torsdag svakt ned med 0,17 prosent til 1.254,93.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk kr 0,57 100,70 %
Hexagon Composites kr 29,92 5,80 %
Nortel kr 27,40 3,01 %
Atlantic Sapphire kr 4,86 2,86 %
Norva 24 Group* 25,00 kr 2,25 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,14 1,79 %
Havila Shipping kr 11,42 1,78 %
Hofseth Biocare kr 3,04 1,33 %
Hexagon Purus kr 18,72 0,65 %
Sparebanken Møre kr 76,39 0,54 %
Endúr kr 39,70 -0,75 %
Havila Kystruten kr 1,20 -0,83 %
Hav Group kr 9,90 -1,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,95 -1,34 %
Arctic Bioscience kr 9,60 -4,00 %
Salmon Evolution kr 6,65 -4,18 %
* Kurs i SEK

Publisert: 17.08.2023 10:04

Sist oppdatert: 17.08.2023 17:01

Mer om