Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
OPP: Hovudindeksen steig 0,68 prosent på Oslo Børs i dag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Nedtur etter nye tal

Hav Group held fast på at selskapet får ein stor vekst, men i aksjemarknaden ga det liten gevinst i dag.

24.11.2023

Optimistiske vekstprognoser og auka ordreinngang i kvartalsrapporten løfta ikkje verdien av Hav Group-aksjane i dag. Då børsen stengte for dagen hadde Hav Group-aksjane falle 4,79 prosent, til 8,74 kroner.

Det verdset selskapet til 307 millionar kroner og er berre like over botnivået frå slutten av 2022.

Så seint som i mars 2022 var kursen oppe i 17,50 kroner aksjen, hårfint under toppnoteringa frå året før. Deretter har det gått nedover med verdien, men unntak av ei kort periode mellom slutten av januar og starten av mars i år.

HAV GROUP quote chart 1
HAV GROUP: Ved børsnotering i mars 2021 var kursen i Hav Group 15,50 kroner aksjen. 31. august 2021 var kursen oppe i 17,70 kroner aksjen. Dagens sluttkurs er

Dagens vinnar blant selskapa på Nordvestlandet blei nok ein gang torskeoppdrettselskapet Statt Torsk, der kjøp av aksjane i selskapet er en måte å blir medeigar i eit samanslått Vesterålen Havbruk/Statt Torsk.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,90 8,43 %
Arctic Bioscience 9,30 1,09 %
Norva 24 Group* 24,00 1,05 %
Atlantic Sapphire 1,32 0,77 %
Endúr 40,80 0,74 %
Hofseth Biocare 2,80 0,72 %
Havila Kystruten 0,88 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,27 -0,47 %
Sparebanken Møre 73,70 -0,94 %
Hexagon Composites 25,46 -1,32 %
Salmon Evolution 6,31 -1,41 %
Hexagon Purus 9,61 -1,64 %
Havila Shipping 6,21 -2,66 %
Hav Group 8,74 -4,79 %
Eqva 2,81 -6,02 %
* Kurs i SEK

Publisert: 24.11.2023 16:58

Sist oppdatert: 24.11.2023 17:02