Held fast på vekstmål
Hav Group vil nå 1,3 milliardar årleg driftsinntekt i 2025.
Hav Group har tidlegare varsla at det ventar å nå 1,3 milliardar kroner i årlege driftsinntekter i 2025.
I kvartalsrapporten per 3. kvartal 2023 skriv selskapet at det framleis ventar å nå det målet.
Ordreinngangen i 3. kvartal var 288 millionar kroner, opp frå 61 millionar i 3. kvartal 2022. Ordreboka er 607 millionar kroner, opp frå 481 millionar kroner etter årets ni første månadar i år.
Sjå resultatpresentasjon direkte frå klokka 08:00 eller i opptak seinare
Tøffare andre halvår
Hittil i år har Hav Group passert ein halv milliard i driftsinntekt.
I tredje kvartal blei det minusresultat for selskapet (sjå tabell), og lønsemda blir dårlegare i heile andre halvår, ifølgje kvartalsrapporten:
– Inntektene øker, men en annen type prosjektsammensetning i kombinasjon med opprettholdte kapasitetsnivåer resulterer i svakere marginer i andre halvår, i tråd med hva vi tidligere har guidet. Vi er imidlertid optimistiske med tanke på fremtiden, og ordreinngangen i kvartalet og hendelser i etterkant har bidratt til å forsterke dette synspunktet. Videre opplever vi økende anbudsaktivitet for både virksomhetene for skipsdesign og energidesign og smartkontroll, som begge har ledig kapasitet vi kan dra nytte av", seier Gunnar Larsen, konsernsjef i HAV Group i kvartalsrapporten.
Skilde ut datterselskap
I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Hav Group blei børsnotert i mars 2021.
Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.
Havila Holding er største aksjonær, med 24,97 prosent av aksjane.
Hav Group ASA | ||
Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 503,6 | 495,6 |
Driftsresultat | 22,4 | 22,7 |
Resultat før skatt | 26,8 | 22,3 |
Hav Group ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 193,0 | 136,6 |
Driftsresultat | -21,4 | 0,8 |
Resultat før skatt | -18,6 | 0,9 |
Publisert: 24.11.2023 07:58
Sist oppdatert: 24.11.2023 08:19