OFS foto OFS
PENGAR TIL VEKST: OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune. Foto: OFS
Nytt

Børsdagen: 33 millionar til landbasert oppdrett

Vil hente inntil 65 millionar kroner.

14.12.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Då det landbaserte oppdrettsselskapet OFS ved Måløy opna for kapitalutviding torsdag, hadde selskapet allereie sikra at 33,3 millionar kroner var på plass.

25,2 millionar kroner av kapitalutvidinga skriv seg frå at gjeld er gjort om til aksjar, 8,1 millionar kroner er frå førehandtseikning som har skjedd før kapitalutvidinga vart opna for alle.

Selskapet er verdsett til 437,5 millionar kroner, før kapitalutvidinga.

Målet er å hente inn minst 56,3 millionar kroner. Taket for kor mykje selskapet vil ha inn, er sett til 64.999.980 kroner. Blir kapitalutvidinga fullteikna vil den nye kapitalen utgjere ein eigarandel på 17,34 prosent i OFS.

Skal utvide kapasiteten
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg med utbygging, og auka produksjonskapasitet til selskapet.

OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune.

Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.

OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn i året.

Spleisar småinvestorar
Dealflow er eit selskap som spleisar mindre investorar med selskap på jakt etter kapital. Modellen er lik den som selskapet Folkeinvest brukar. Terskelen for å bli med er relativt låg, slik at investorar som berre kan eller vil gå inn med mindre beløp også kan bli med.

Blant selskapa som tidlegare har brukt Dealflow er Villa Seafood Group i Ålesund, som henta inn 25 millionar kroner i 2022.

Villa Seafood Group blei verdsett til 250 millionar kroner før kapitalutvidinga, og investorane som skaut inn pengar i selskapet blei eigarar av cirka 10 prosent av aksjane.

20 aksjonærar i dag
Det er selskapet Ofs Norge i Måløy, med datterselskap, som er primus motor i utbygginga.

OFS Norge eig OFS Måløy, som eig konsesjonen til å drive oppdrett og er driftselskapet. OFS Norge er også største eigar i teknologiselskapet Ontec.

OFS Norge har i dag 20 aksjonærar, med Ronny Almenning sitt selskap RMA Invest som den største.

Investeringselskapet A.H. Holding i Vesterålen er neste største eigar, før Johan Oksholens selskap, Noas Invest og Jon Ove Stokke. Stokke og Almenning bur i Måløy, Oksholen i Ålesund, der han er styremedlem og medeigar i eksportselskapet Nor Seafoods.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus kr 10,06 13,80 %
Statt Torsk kr 0,84 11,44 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,21 8,21 %
Havila Shipping kr 5,70 4,78 %
Atlantic Sapphire kr 1,50 2,74 %
Salmon Evolution kr 6,50 2,52 %
Hexagon Composites kr 25,56 1,67 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,25 1,56 %
Havila Kystruten kr 0,82 0,74 %
Endúr kr 38,30 0,26 %
Arctic Bioscience kr 8,86 0,23 %
Norva 24 Group* 23,40 kr 0,21 %
Sparebanken Møre kr 78,51 0,01 %
Hofseth Biocare kr 2,69 -0,37 %
Hav Group kr 9,42 -0,84 %
* Kurs i SEK

Publisert: 14.12.2023 16:05

Sist oppdatert: 03.01.2024 11:20

Mer om