Jon Ove Stokke Ronny Almenning Trond Inge Kvernevik Ontec Måløy foto Ogne
KAPITALUTVIDING: Investorane Jon Ove Stokke (t.v.) og Ronny Almenning har vore pådrivarar for det landbaserte oppdrettsanlegget ved Måløy. BIletet er frå 2021, like etter at eit utviding av det landbaserte anlegget var i gang. Til høgre dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik. Arkivfoto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Vil hente pengar gjennom folkeinvestering

Landbasert oppdrettsselskap vil hente over 90 millionar i kapitalutviding for småinvestorar.

24.11.2023

Måløy-selskapet OFS har ligge på nettsida til Dealflow sidan i sommar under kategorien investeringar som kjem. Mandag 4. desember skal kapitalutvidinga starte, seier styreleiar Ronny Almenning til NETT NO.

Målet er å få inn minst 56,2 millionar kroner og inntil 94 millionar kroner. 30 millionar kroner er allereie garantert at det blir teikna for, ifølgje Almenning.

Småinvestorar
Dealflow er eit selskap som spleisar mindre investorar med selskap på jakt etter kapital. Modellen er lik den som selskapet Folkeinvest brukar. Terskelen for å bli med er relativt låg, slik at investorar som berre kan eller vil gå inn med mindre beløp også kan bli med.

Blant selskapa som tidlegare har brukt Dealflow er Villa Seafood Group i Ålesund, som henta inn 25 millionar kroner i 2022.

Villa Seafood Group blei verdsett til 250 millionar kroner før kapitalutvidinga, og investorane som skaut inn pengar i selskapet blei eigarar av cirka 10 prosent av aksjane.

Milliardinvestering
I 2021 skreiv NETT NO at OFS rekna med at eit fullt utbygd anlegg for landbasert oppdrett ved Måløy ville koste 1,8 milliardar kroner.

Pengane som kjem inn i kapitalutvidinga, skal vere med og finansiere ein del av vidare utbygging.

Publisert: 24.11.2023 12:02

Sist oppdatert: 03.01.2024 11:22

Mer om