Arne Johan Dale Foto Havila Holding
BØRSVINNAR: Havila Shipping er dagens soleklare børsvinnar. Her illustrert ved finansdirektør i Havila-konsernet, Arne Johan Dale. Foto: Havila Holding
Nytt

Børsdagen: Blåmandag med solgløtt

Børsvinnar, kontraktsignering og raude tal. Børsveka har vist seg frå mange ulike sider, trass i at vi berre skriv mandag enno.

Linn Antonie Vårdal Solheim
17.07.2023

Hovudindeksen til Oslo Børs er i skrivande stund ned 1,23 prosent, og det har vore ein tung start på veka i dei europeiske aksjemarknadene, med raude tal så langt auget kan sjå.

Ny kontrakt
Hav Group meldte i dag om ei ny kontrakt på design og utstyr, til ein verdi av 200 millionar kroner.

Aksjen enda dagen opp 3,83 prosent frå fredagens sluttkurs, og omsetjast for 10,30 kr.

Lysglimt i mørket
Selskapa frå Nordvest har gjort det betre enn snittet, og dagens soleklare vinnar er Havila Shipping.

Kursen er opp 17,4 prosent i dag, og ein må nett no ut med 13,88 kroner for å bli eigar av ein aksje. Så langt i år er Havila Shipping opp 12,1 prosent.

Nedoverbakke og unnarenn
Arctic Bioscience låg lenge an til å bli dagens store børstapar, og ikkje lenge før handelsslutt låg kursen på 8,88 kroner, ned 14,2 prosent frå forrige sluttkurs.

Med få minutt att av handelen snudde pilene, og det sunnmørske bioteknologiselskapet avslutta handelsdagen med ein nedgong på 8,02 prosent, til ein kurs på 9,52 kroner.

Taparen frå Nordvest enda i staden for opp med å bli Statt Torsk, som er ned 9,49 prosent i dag.


Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 13,90 17,60 %
Hexagon Purus 19,40 4,64 %
Hav Group 10,30 3,83 %
Endúr 40,90 3,54 %
Golden Energy Offshore Services 1,17 3,54 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,75 2,23 %
Sparebanken Møre 76,50 0,96 %
Hexagon Composites 24,02 0,50 %
Nortel 26,80 0,00 %
Havila Kystruten 1,26 0,00 %
Salmon Evolution 6,49 -0,46 %
Norva 24 Group* 26,25 -1,32 %
Atlantic Sapphire 5,84 -2,18 %
Hofseth Biocare 2,67 -2,55 %
Arctic Bioscience 9,52 -8,02 %
Statt Torsk 0,53 -9,49 %
* Kurs i SEK

Publisert: 17.07.2023 16:51

Sist oppdatert: 17.07.2023 16:56