Design og utstyrskontrakt til Hav
Sikra ny vindskipavtale med danske Esvagt.
Hav Group-selskapet Hav Design har sikra ein avtale til ein verdi av 200 millionar kroner med danske Esvagt.
Det opplyser selskapet i ei børsmelding tidleg måndag.
Leveransen inkluderer skipsdesign og integrert utstyrspakke som inneheld framdriftssystem, motorar, propeller og posisjoneringssystem, heiter det i meldinga.
Hav Group-aksjen steig etter nyheita blei kjent måndag. Ved 10-tida var verdien opp 3,83 prosent til 10.30 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs peika ned med nær ein prosent på det tidspunktet.
Byggjast i Tyrkia
Utstyret skal om bord på eit metanoldreve serviceskip for havvindmarknaden med HAV 833 SOV-design. Det 93 meter lange skipet blir også utstyrt med batteripakke.
Serviceskipet er det 11. i rekka som Hav Group leverer utstyr til og utviklar i samarbeid med Esvagt. Tidlegare har mellom anna det tidlegare Havyard-verftet i Leirvik levert fleire tilsvarande skip.
Denne gongen skal skipet byggjast ved det tyrkiske Cemre-verftet. Hav Design er kontraktsparten til Hav Group.
Flåte med 40 skip i havvind
Serviceskipet skal i hovudsak nyttast til å transportere teknikere og reservedelar til havvindparker.
Når skipet står ferdig, skal det gå inn i Ørsteds «UK East Coast Hub» ved Grimsby - der fleire vindparkar er lokalisert.
Esvagt har ei flåte på meir enn 40 fartøy i havvindmarknaden.
Publisert: 17.07.2023 09:23
Sist oppdatert: 18.07.2023 10:06